Stikker ut for betre helse og arbeidsmiljø

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Ved Høgskulen i Volda er førebels 59 tilsette med på «Stikk UT! Bedrift», i regi friluftsråda i Møre og Romsdal. Med eit time sett av til trening i arbeidstida i veka, nyttar fleire høvet til å ta turen ilag med kollegaer. – Bra for helsa og arbeidsmiljøet, seier initiativtakarane ved HVO. 


Ein god prat og ei kjekk stund med kollegaer, litt høgare puls, litt betre form, vakker natur, god samvit og kanskje nokre roser i kinna eller fregner på nasa? Dei gode opplevingane ved å kome seg ut på tur er fleire, og det er sjølvsagt ingen tvil om helsegevinsten ved slik aktivitet. 

- Bra for helsa og for arbeidsmiljøet, seier Solgunn Ose Bjørneset og Solbjørg Nossen Leite, leiar og skrivar i arbeidsmiljøutvalet (AMU) ved Høgskulen i Volda. Det er dei som har invitert med seg dei tilsette ved høgskulen på tur via turtrimmen Stikk UT! Bedrift. 


Fri til trening

Opplegget er enkelt: Ei rekkje turforslag du kan gå og få registert i ein app. Tilpassa alle nivå. Her kan folk finne ei løype som passer sine ambisjonar, anten det er å rusle langs ein fin turveg, til å gå opp i høgda. 
- Vi er så heldige at vi har sett av ein time til trening i arbeidstida. Det er gull verdt. I tillegg veit vi at mange er glade i å gå på tur på fritida. Vi håper at eit slikt opplegg kan motivere til å gå på tur og samstundes til sosialt samver med kollegaer. Begge deler er viktig for å ha det bra på jobb, seier duoen. 

Etter første månaden med «utstikking» har HVO-tilsette registert 768 turar, førebels fordelt på 59 tilsette. – Men det er ikkje for seint å hive seg med. Stikk Ut skal bidra til motivasjon, det er ikkje konkurranse som er viktigast. AMU har likevel nokre premiar på lur som skal trekkast jamnleg mellom dei som har registrert ein tur. 


12 prosent av innbyggjarane deltek

Stikk UT!-sesongen starta 1. mai og varer til 31. oktober, og har 471 turar å velje mellom i fylket - 248 av dei på Sunnmøre. Du laster ned ein gratis app på telefonen. Denne har god kartfunksjon og kan brukast utan dekning. Det er enkelt å registrere koder for turane du går.  

Stikk UT! blir drifta av dei to friluftsråda i Møre og Romsdal, i tett samarbeid med medlemskommunane og frivillige. I sommarsesongen i fjor deltok 12 prosent av innbyggjarane i fylket og registrerte nesten 1 mill. turar! Stikk UT! fekk prisen «Årets regionbyggar 2020».

Del på