Still til val i Studentparlamentet onsdag 28. april

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

No har du som student i Volda sjansen til å påverke studiekvardagen og få eit viktig verv i Studentparlamentet. Her kan du også få nyttig arbeidserfaring og eit godt punkt på CV-en på ein gong.

Arbeidsutvalet (AU) tek seg av den daglege drifta i Studentparlamentet, og jobbar for studentane sitt beste i stort og smått. No er det val på alle fem verva i Arbeidsutvalet, i tillegg til kontrollkomiteen.  Desse er leiar, fagansvarleg, velferdsansvarleg, informasjonsansvarleg og internasjonalt ansvarleg. Leiar har 50 prosent stilling, og dei andre er frivillige verv som vert honorert. Ein vert valt for alle verva i 1 år.  

Møte fysisk og digitalt

Ein kan stille til val 28. april kl.16.30 på Studentparlamentsmøte som blir fysisk på Vekselstrøm, om ein ikkje ønsker å delta fysisk, så kan ein møte digitalt på zoom.

Her er lenka til zoom: https://hivolda.zoom.us/j/65931600921?pwd=WVBXYXRnZTFzTmI1OWU5L01DYml1Zz09

Dei ulike verva

Leiar

Er arbeidsleiar for AU, koordinerer og prioriterer dei ulike oppgåvene til Studentparlamentet. Leiar representerer studentane utad, og samarbeider mykje med leiinga ved Høgskulen og SiVolda

Fagansvarleg  

Er kontaktperson for alle tillitsvalde og jobbar for eit best mogleg læringsmiljø og fagleg utbytte for alle studentar.  

Velferdsansvarleg  

Er kontaktperson for alle studentorganisasjonane ved Høgskulen, og jobbar for å forbetre velferdstilbodet og det sosiale tilbodet til studentane i Volda. 

Informasjonsansvarleg  

Sørgjer for at parlamentet er synlege og kommuniserer godt, både på nettsider, sosiale medium og gjennom grafisk profil og utrykk.  

Internasjonalt ansvarleg  

Jobbar for ei best mogleg inkludering av internasjonale studentar ved Høgskulen, gjennom blant anna tett samarbeid med Pangaia om arrangement som Language club og Norwegian Night.  

Kontrollkomitéen

Kontrollerer at Studentparlamentet følgjer sine styringsdokument og fatta vedtak, og at val vert gjennomført slik det skal.   

Del på