Still til val til Studentparlamentet onsdag 29. april

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Har du lyst til å få nyttig og viktig erfaring frå studentpolitikk og vere med på å gjere studiekvardagen for deg og dine medstudentar best mogleg? Då må du delta på møte i Studentparlamentet onsdag 29. april klokka 16.30 og stille til val.

I møte som vil gå føre seg på Zoom skal det vere val for verv i arbeidsutvalet og kontrollkomiteen for Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda.

Her er lenke til møtet: https://bit.ly/35dtnG8. (Møtestart onsdag 29. april kl. 16.30).

Her er saklista for møtet.

I arbeidsutvalet vert det val på 4 av dei 5 verva som arbeidsutvalet består av. Desse er leiar, internasjonal ansvarleg, velferdsansvarleg og fagansvarleg for studentparlamentet. Leiar er tilsett i ei 50% stilling, medan dei andre er i frivillig verv som vert honorert.

I kontrollkomiteen vert det val på 3 plassar som utgjer komiteen. Kontrollkomiteen passar på at all verksemd gjennomført av Studentparlamentet følger retningslinjene til organisasjonen og gjennomfører også teljing ved val gjennomførte av Studentparlamentet.

I alle verva vert ein valt for eitt år.

Følg Studentparlamentet i Volda på Facebook.

Slik stiller du til val

Om du ønsker å stille til val til nokre av dei ledige verva møter du opp til møtet 29. april klokka 16.30 og melder din interesse når det aktuelle vervet skal opp som sak i møtet. Ein får 2 minutter taletid til å presentere seg sjølv. Når alle som har stilt har presentert seg, opnar ein for spørsmål til gruppa og kvar enkelt kandidat. Deretter går ein til urneval gjennom Google survey, som vert sendt på e-post til dei i Studentparlamentet som innehar stemmerett.

Du treng ikkje å melde di interesse for å stille til val før møtet.

Går for sitt tredje år

Trym Rimmen er sitjande leiar i arbeidsutvalet. Han vil stille til val på nytt for leiarvervet og er med det aktuell for sitt tredje år på rad i arbeidsutvalet. Eit solid teikn på at musikkstudenten trivst med arbeidet.

– Vi studentane må sjølv jobbe for framsteg og betring i studiekvardagen vår – det får ein gjort gjennom Studentparlamentet. Det er både lærerikt og sosialt, samtidig som ein får vere med på å påverke viktige prosessar, forklarar Rimmen.

Det siste har mykje å seie for at han stiller til val igjen. Han har lyst til å halde fram arbeidet med campusutviklingsplanen, tilsyn frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) ved Høgskulen i Volda (HVO) og Velferdsgruppa sitt arbeid med studentvelferda enda betre.

Nær kontakt med leiinga

Han og dei andre medlemane i arbeidsutvalet sørger for at studentane sin stemme vert høyrt når viktige avgjersler ved HVO skal takast. Det betyr at dei får mykje og viktig møteerfaring, som kan vere gull verdt når ein skal ut i jobb.

– Vi har eit veldig godt forhold til leiinga ved høgskulen og føler at vi vert høyrde. Vi får ta del i nesten alle dei prosessane og møta vi ønsker, fortel Rimmen som sjølv har vore ein del av kriseleiinga ved HVO under koronasituasjonen.

Rimmen håper så mange som mogleg vil stille til val. – Det er ønskeleg med mange kandidatar og vi treng eit mangfald.

Meir om verva

Alle verva gjeld for eitt år. Nyvalde medlemar vil få opplæring av avtroppande medlem i vervet i perioden 01.05.2020 til 31.05.2020, ettersom ein i denne perioden overlappar kvarandre. Det skal også verte gjort tilgjengeleg ein skriftleg rapport om vervet med innhald om arbeidsoppgåver og viktige kontaktpersonar

  • Leiar

Som leiar av Studentparlamentet skal du leie og halde orden på studentpolitikken, som vert fremma ved Høgskulen i Volda. Dette er ei kjempegivande oppgåve, som ein tek på seg for alle studentane ved institusjonen. Ein er tilsett i ei 50% stilling, og bør og må derfor medrekna å nytte 20 timar i veka på dette vervet. Arbeidsoppgåver varierer mykje i omfang, men dei vanlegaste oppgåvene vert gjort i møter med leiinga, arbeidsutvalet til studentparlamentet, velferdsytarar og nasjonale organisasjonar ein samarbeider med for å fremje saker som påverkar studentane ved institusjonen. Ein blir fast representant i tilsetjingsutvalet (TUFO) i perioden som leiar. Relevante eigenskapar ein bør inneha er: tolmod, lyttande, raus, samarbeidsevner, kunne ta kritikk, stor arbeidskapasitet, og gode rolleforståingar.

 

  • Internasjonal ansvarleg

Som internasjonal ansvarleg skal ein samarbeide tett med Panigaia, Internasjonalt kontor, resten av arbeidsutvalet og andre relevante organisasjonar som arbeidar for innkulering og betre moglegheiter for internasjonale studentar. Om ein tek på seg denne rolla vil ein vere ein del Høgskulen i Volda sin internasjonaliseringsprosess. Dette er eit frivillig verv og vert honorert etter avtalar mellom studentparlamentet og leiinga vad Høgskulen i Volda. Arbeidsoppgåver varierer mykje i form og omfang, men dei vanlegaste oppgåvene vert gjort gjennom kontinuerleg dialog med Pangia og internasjonalt kontor, arbeidsutvalet til studentparlamentet, og organisasjonar ein samarbeider med for å fremje saker som påverkar internasjonalisering. Ein blir også fast representant i internasjonalt utval ved Høgskulen i Volda i denne perioden. Relevante eigenskapar ein bør inneha er: rolleforståing, gode dialogferdigheiter, språkkunnskapar og interesse for internasjonalisering.

  • Fagansvarleg

Som fagansvarleg tek ein del i den daglege drifta av Studentparlamentet, og koordinerer arbeidet med dei studenttillitsvalde på skulen. Ein tek imot klager, hjelper med tolking av lovverk og retningslinjer, og bistår studentar i klagesaker og representerer Høgskulen utad. Ein blir også fast representant i utdanningsutvalet og forskingsutvalet ved Høgskulen i Volda. I tillegg til å vere ein del av utdanningsutvalet og forskingsutvalet, Relevante eigenskapar ein bør inneha er: rolleforståing, gode dialogferdigheiter, interesse for fagleg aspekt og kvalitet i høgare utdaning.

  • Velferdsansvarleg

Som velferdsansvarleg har ein gylden moglegheit til å bidra til studentane sin trivsel, og samtidig få et innblikk i velferd for studentar. Ettersom Studentparlamentet er en paraplyorganisasjon for alle dei frivillige studentorganisasjonane ved Høgskulen i Volda, skal du som velferdsansvarleg jobbe tett med disse organisasjonane for å forbetre det psykososiale miljøet på campus. Som velferdsansvarleg samarbeider du om å arrangere mange spennande hendingar i samarbeid med studenthumanisten, biblioteket, arbeidsgruppa Hjernefõr og Studentsamskipnaden ved Høgskulen i Volda. I perioden sit ein som fast representant i læringsmiljøutvalet (LMU) ved Høgskulen i Volda. Relevante eigenskapar ein bør inneha er: rolleforståing, gode samarbeidsevner og interesse for studentvelferd.

  • Kontrollkomité

Kontrollkomitéen består av opp til 3 personar som skal sørge for at verksemda til Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda og arbeidsutvalet er i tråd med styringsdokumenta. Ein bistår også ved val, som verte gjennomført på møta til Studentparlamentet. Stundeparlamentet skal her velje opp til 3 personar til kontrollkomiteen for komande periode.
 

Del på