Student og lyst til å sitte i høgskulestyret?

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Fram til 17. september er det mogleg å nominere kandidatar til valet av studentrepresentantar til høgskulestyret.

Høgskulestyret sine oppgåver:
Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Gode grunnar til å bli med i høgskulestyret:

  • Du får godtgjersle for alle styremøte du er med på
  • Du får god erfaring frå styrearbeid på ein viktig institusjon
  • Du får eit bra verv å ha på CV-en din

Meld di interesse ved å bruke den elektroniske nominasjonsporten.

Du kan også ta kontakt med Studentsørvis. Kjenner du nokon andre som du ser for deg kan passe til å sitte i styret? Ikkje nøl med å nominere dei, men ver sikker på at dei sjølve ønskjer eit slik verv. 

Frist for nominasjon er 17. september kl.14.00
Elektronisk val i SurveyXact frå 1. oktober til 9. oktober kl. 14.00.
Det skal veljast to studentrepresentantar.

Les alt om nominering og valet her.

Viktige datoar for studentrepresentantvalet:
18. august – 17. september, kl. 14.00: Nominasjonsperiode
21. september kl. 14.00: Svarfrist for de nominerte
23. september: Presentasjon av studentrepresentantane
23. september – 1. oktober: Valkampperiode
1. oktober – 9. oktober kl. 14.00: Valperiode

 

Val til Studentparlamentet

PS!  Denne veka pågår fleire viktige val i studentdemokrati-verda: Hugs å stemme på dine favorittar til nytt studentparlament innan fredag 18. september kl. 23.59.
Stem på kandidatar frå di avdeling gjennom lenke som er sendt til student-e-posten din. Sjå alle kandidatane her.

 

Del på