Student og lyst til å sitte i høgskulestyret?

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Fram til 16. september er det mogleg å nominere kandidatar til valet av studentrepresentantar til høgskulestyret.

Høgskulestyret sine oppgåver:
Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir. Arbeidsspråket ved høgskulen er norsk.

Gode grunnar til å bli med i høgskulestyret:

  • Du får godtgjersle for alle styremøte du er med på
  • Du får god erfaring frå styrearbeid på ein viktig institusjon
  • Du får eit bra verv å ha på CV-en din

Meld di interesse ved å bruke den elektroniske nominasjonsporten.

Du kan også ta kontakt med Studentsørvis. Kjenner du nokon andre som du ser for deg kan passe til å sitte i styret? Ikkje nøl med å nominere dei, men ver sikker på at dei sjølve ønskjer eit slik verv. 

Frist for nominasjon er 16. september kl.14.00
Elektronisk val i Nettskjema frå 30. september til 8. oktober kl. 14.00.
Det skal veljast to studentrepresentantar.

Les alt om nominering og valet her.

Viktige datoar for studentrepresentantvalet:

17. august. – 16. september, kl. 14.00: Nominasjonsperiode
20. september kl. 14.00: Svarfrist for de nominerte
22. september: Presentasjon av studentrepresentantane (på nett og tavle 24. september)
22. september – 30. september: Valgkampperiode
30. september – 8. oktober kl. 14.00: Valperiode
 

Del på