Student til hausten? No kan du registrere deg!

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: jonas közle

- Oppdatert

Gler du deg til studiestart? Start allereie no med å registrere deg! Det kan du gjere frå 1. august til 1. september. 


Kvart semester må alle studentar registrere seg. Dette gjeld både nye studentar, og dei som allereie er i eit studieløp. For den nye studenten handlar det om å få tilgang til undervisningssystema, e-post og liknande, i tillegg til at registreringa generer giro for betaling av semesteravgift. 

Registrering på 1-2-3 finn du her!


Undervisningsopptak

Attkomande studentar i eit løp skal registrere seg i undervisningsopptaket, som er eit tilbod om «førehandsregistrering». Då melder du deg til undervisning, eksamen og genererer giro for betaling av semesteravgift. Allereie gjort det? Då kan det vere kjekt å sjekke kva du er meldt opp til. Hugs også å oppdatere semesteradressa di. Dette gjer du via Studentweb.


Studentsørvis kan hjelpe deg

Meir informasjon om registrering og anna nyttig studiestart-informasjon finn de på studiestartportalen. Og hugs at dei kjekke tilsette på Studentsørvis kan hjelpe deg om det er noko du lurer på eller ikkje får til: studentsorvis@hivolda.no eller telefon 70 07 50 18.

 

Vi gler oss til å ønskje dykk velkomen til Høgskulen i Volda! 
 

Del på