Studentar velkomne til Korona-testing

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Kommuneoverlegen i Volda ønsker studentar hjarteleg velkomne til å teste seg for Korona. – Alle som kjenner på symptom eller mistenker at dei kan vere smitta må berre ta kontakt, oppmoder ho.


- At du ikkje er folkeregistrert i Volda kommune er ikkje noko hinder for at du får teste deg for Covid-19, er bodskapet frå kommunoverlege Inger Lise Kaldhol. 

- Det du gjer, er å ringe og avtale tid med Volda legesenter på telefon 70 05 89 00. Vi er glade for at flest mogleg testar seg, seier Kaldhol. 

FHI har ei liste over testkriterier du kan sjå på om du er usikker, men i hovudsak er det slik alle som mistenker at dei kan vere smitta bør få moglegheit til å teste seg.


Auka kapasitet

I Volda kommune har det i skrivande stund ikkje vore smitte sidan mars. No auker dei også testkapasiteten sin, opplyste Kaldhol då ho vitja Høgskulen i samband med studiestart. 

- Vi har testa fem dagar i veka, men vi skal auke til sju dagar. Vi ønskjer å teste flest mogleg, så studentane må ikkje vere redde for å ta kontakt med oss, seier Kaldhol, og understreker at ho håper ingen kjenner på skam eller vert flaue om dei skulle verte smitta.

- Og skulle ein oppleve å teste positivt for Covid-19, kan det vere greit å vite at vi prøver å spore smitte to døgn bakover frå den dagen du vart sjuk eller fekk symptom, opplyser kommuneoverlege Kaldhol. 

 

Del på