Studiebarometeret 2019: Ny framgang for Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

For andre året på rad får Høgskulen i Volda betre tilbakemelding frå studentane sine enn året før i den store studentundersøkinga Studiebarometeret. – Det er gledeleg, samstundes arbeider vi for å bli endå betre, kommenterer rektor Johann Roppen.

Onsdag vart resultata frå Studiebarometeret 2019 offentleggjort. Dette er den årlege nasjonale studentundersøkinga der studentar som går andre året på ein bachelor og andre års masterstudentar svarar.

På spørsmål om den generelle tilfredsheita ved Høgskulen i Volda (HVO) gir studentane karakteren 4,0 der 5 er høgst. Dette er ein framgang frå fjorårets resultat på 3,9 og 3,7 i 2017. – Vi er glade for at pila peiker rett veg og set oss som første mål å kome tilbake til nivået i 2016 og 2015, då vi oppnådde karakteren 4,1, seier Roppen.

Sjå resultat frå Studiebarometeret nasjonalt her.

Trippel framgang

Det er fleire utdanningar ved HVO som kan vere bra nøgde med den ferske karakteren dei har fått frå studentane sine. Bachelorgradene planlegging og administrasjon, idrett og kroppsøving og sosialt arbeid-barnevernspedagog skårar alle 4,3 – samstundes hadde alle også ein oppgang frå førre år med eit halvt poeng eller meir.

Johann Roppen
Rektor Johann Roppen

– Både planlegging og administrasjon og barnevernspedagog vart følgd opp intenst etter skuffande resultat i Studiebarometeret 2017. Det kan sjå ut som ein ser resultat av det no, seier Roppen.

Mediefaga journalistikk og animasjon held fram med å skåre godt i undersøkinga og oppnår begge 4,5 for 2019. – Dei held stillinga si som gode utdanningar med høg score. Begge har nøgde studentar – noko ein har sett gjennom fleire år. Det er eit godt teikn, meiner Roppen.

Totalt sett for HVO hadde åtte studium framgang medan for eitt var resultatet uendra frå 2018.

Kan bli betre

Som andre år, opplever også HVO i Studiebarometeret 2019, resultat for enkelte studium som ikkje er like gledelege. Åtte av studia opplever ein nedgang frå året før.

– Her har vi noko å arbeide med. Studiebarometeret er viktig for oss og vi forsøker å bruke det aktivt i arbeidet med å forbetre oss. Det er studentane vi er her for, og vi høyrer på og tek til oss deira tilbakemeldingar, seier Roppen.

Kvalitetsarbeid året rundt

Samstundes meiner Volda-rektoren at ein må ha i bakhovudet at svara ofte er eit resultat av det studentane føler der og då.

– Undersøkinga gir eit augneblinksbilde av den fasen studentane er inne i, og ein blir fort farga av det og i den stemninga ein er i når ein svarar på undersøkinga. Det gjeld sjølvsagt både pluss og minus, seier Roppen.

For Høgskulen i Volda er Studiebarometeret eit av fleire mål på korleis studiekvaliteten er. – Studiebarometeret er ein av delane i kvalitetsarbeidet som vi driv med året rundt.

Del på