Til Portugal for å lære om EU

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

– Det er greitt nok å sjå summane av pengar frå EU på eit papir, men mykje meir lærerikt å sjå kva dei fysisk blir brukt til, synest Rebekka Schubert. Ho var ein av studentane som fekk oppleve korleis EU sin politikk praktiserast og deira innverknad på eit medlemsland.

Gjennom emnet The European Union and Regional development: theories and practice reiste ei gruppe studentar som går siste året på bachelorgraden Planlegging og administrasjon, saman med internasjonale studentar, til Portugal under leiing av professor Nathalie Homlong og førsteamanuensis Margit Ystanes.

Fekk sjå mykje

I fire dagar med innhaldsrikt program besøkte studentane ulike bedrifter, forskingssenter og eit samarbeidsuniversitet av Høgskulen i Volda i Lisboa. I tillegg til å besøke hovudstaden i Portugal fekk også reisefølget sjå mindre urbane strøk og besøke regionar med økonomiske utfordringar.

Omvisning Portugal

– Ein del av målet med turen var å sjå kva EU gjer for slike regionar i medlemslanda sine. Kva tiltak set dei inn og kva verknader har det for næringsliv og ikkje minst folket som bur der, fortel Homlong.

Stor skilnad

Fiskerinasjonen Portugal forskar i likskap med Norge på det som lever i havet. Volda-studentane besøkte eit maritimt forskingssenter, og fekk til trass frå støtte frå EU sjå at forholda var annleis enn her heime.

– Dei har ikkje dei same økonomiske midlane til å utvikle så gode forhold for forskarar som ein har i Norge. Utstyret er det til dømes ganske stor skilnad på, seier Flingai Foloboi, ein av studentane som var med på turen.

Korkprodusent
På besøk hos ein korkprodusent.

Algarvedistriktet var eit av måla for reisa – eit distrikt der turismen er levebrødet for mange. – Vi var innom ein fabrikk som produserte kork, men også den var ganske sesongbasert og heldt det for det meste gåande i sommarhalvåret, fortel student Trond Fredrik Hoddevik. Dette var noko studentane fekk sjå at var normalt i denne delen av Portugal, om vinteren er det mindre arbeid til innbyggarane – noko ein ikkje i særleg grad har klart å snu etter at landet vart EU-medlem i 1986.

Viktig gjennom finanskrisa

Støtta frå EU var tydleg noko innbyggarane sette pris på ifølge, Hoddevik. – Ein kunne sjå at dei som viste oss rundt i bedriftene sine var stolte over å ha ein EU-plakett på veggen – som symbol på støtte frå unionen.

Portugal-tur

Nytta av ein slik union fekk landet spesielt sjå då finanskrisa ramma som hardast for drygt ti år sidan. Portugal var eit av landa i Europa som hadde behov for mest økonomisk støtte får å kome seg på fote igjen. – Då var EU-midlane svært viktig for Portugal som vart hardt råka. Mykje av næringslivet i landet hadde ikkje overlevd utan støtta frå EU då, forklarar Foloboi.

Sosiale utanlandsturar

Dette er ein tur som professor Homlong har hatt regien på dei siste åra og som har vist seg populær blant studentane. I år nådde det nye høgder, då reisefølget talte 26 personar. Tidlegare har ein besøkt land som Italia, Tsjekkia, Hellas, Latvia, Austerrike, Ungarn og Slovakia. Portugal var ikkje noko dumt val, skal ein tru studentane:

– Vi fekk sjå mykje av det vi lærer om i faget i praksis, det likte eg. Den sosiale delen sette eg også stor pris på – kanskje spesielt det å sosialisere seg med dei norske studentane, seier tyske Rebekka Schubert.

– Kveldane var fine å ha til å sjå oss rundt, til dømes i Lisboa. I tillegg fekk vi også tid til mykje god prat, smilar Hoddevik, før Foloboi avsluttar med vel fortent skryt til lærarane:

– Dei var flinke til å guide oss og finne fram. Eg vil aldri gløyme denne turen.

Portugal-tur


 

Del på