Tok med seg nyttig læring heimatt

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Ein spesiell tettstad med ei unik samfunnsutvikling, Wiens utfordringar som storby, kritisk tenking i lærarutdanninga og Europas beste unge vinsmakar – dei tilsette frå Institutt for planlegging, administrasjon og skulesamfunnsfag fekk oppleve og lære mykje under ein tur til Wien.

Under her kan du lese eit reisebrev frå turen instituttet nyleg hadde:

Turen var planlagt og tilrettelagt av professor Nathalie Homlong, som sjølv er frå Wien. Saman med det faglege innhaldet, gjorde hennar lokalkunnskap turen til ei fantastisk oppleving for deltakarane med godt både fagleg og sosialt innhald.   

Det tverrfaglege programmet for turen til Austerrike speglar samstundes ein del av dei ulike faglege interessefelta som opptek dei tilsette på IPAS.

Tysdagen starta på Institutt für dei Wissenschaften vom Menschen. Professor Kim Lane Scheppele frå Princeton University gav ein grundig gjennomgang av demokratiutviklinga i Ungarn. Ho la mykje vekt på korleis ho meiner at statsminister Viktor Orban har endra Ungarn frå eit demokrati til eit autokrati. Vekta låg på Orban si evne til å bruke juss og lovendringar til å få kontroll over samfunnet sine institusjonar, t.d. utdanningssystem, helsevesen og dei regionale politiske aktørane.

Del to av dagen vart nytta til ei (lang) byvandring i sentrum av Wien, presentert av den eminente guide Michael Rosar. Vandringa var fullstappa av historiske fakta om byutviklinga, løysingar på dagen sine utfordringar for ein storby og fasinerande anekdotar om kjende historiske personar sitt liv og virke i Wien. Det bør vere nok å nemne t.d. keisar Franz Joseph og kona Elizabeth (betre kjent som Sisi) eller komponistar som t.d. Mozart. 

Onsdag starta vi på lærarutdanninga ved Universitet Wien. I seg sjølv kjekt å kunne stå på historisk grunn mellom statuane av t.d. Doppler, Schrødinger eller Popper. 
(Spørsmålet er jo om katten forandrar lyd, viss vi går fort forbi, med ei boks vi ikkje har opna?  Kanskje vi kan falsifisere det?).  

Fagleg var det interessant å sjå korleis dei gjennom samfunnsfagdidaktikk koplar historie og  ‘civic education’ for å auke og utvikle evna til kritiske tenking i skulen. Teoretisk har dei henta fram samfunnsvitaren Alfred Schutz, hans tenking om Lebenswelt og koplingane til kunnskapssosiologien. Vektlegginga av didaktikk kom også fram i koplingane til praksisfeltet der studentane t.d. hadde eit heilt år med praksis i løpet av dei to åra på Masterutdanninga som lærar. 

Eit fagleg høgdepunkt var også besøket i kommunen eller tettstaden Tulln. Området har om lag 12.500 innbyggarar og eit næringsliv med kombinasjon av noko industri, jordbruk, varemiddelindustri og litt turisme. Dei representerte ei tenking om tettstadutvikling som tek utgangspunkt i berekraftsmåla, har svært stort fokus på bulyst og vektlegg ei gradvis utbygging av lokalsamfunnet. T.d. har dei sett tak på folketalsauke til 0,5 % pr år, har ein nullvisjon i høve til bruk av matjord og bygg ut fortettinga i eksisterande tettstadområde med maks 4 etasjar. 

Det siste store prosjektet som dei er i gong med å sette i verk er å fjerne 211 parkeringsplassar rundt ‘town hall’ og erstatte dei med grøntareal, myldreområde, leikeplass og park. “Cities are meant for people, not for cars. A sustainable city is, especially, a humane city.”

Onsdag kveld vart avslutta med vinsmaking og middag på vingarden Thyri. Guide på både omvisinga og under vinkolleksjonen var 19 år gamle Michael Thyri. Han vant prisen som Europas beste unge vinsmakar (sommelier) under mesterskapet i Paris i mars 2022. 

Siste dag av turen vart det først omvising og informasjon om arbeidet til FN i Wien. Mellom aktivitetane kontora som har sete i Wien finn ein t.d. kontora til ‘The International Atomic Energy Agency (IAEA), The United Nations Office on Drugs and Crime (UNODC) og The United Nations Office for Outer Space Affairs (UNOOSA):

Fagleg vart turen avslutta med eit møte med Dr. Bojan Schnabl som har vore ansvarleg for Smart City-prosjektet i bydelen Simmering. Det har vore arbeidd med fleire delprosjekt knytt til renovering av eldre bustadblokker, utvikling av lokale møtestadar for innbyggarane, energiøkonomisering og sosial bustadbygging. Eit heilt sentralt element i prosjekta har vore lokal involvering og medverknad i alle avgjersler. 

Del på