TV-aksjonen: Rekord for studentradioen i Volda

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv , Foto: Volda Studentradio

- Oppdatert

I samband med TV-aksjonen sendte "tradisjonen tru" Studentradioen i Volda direkte og samla inn pengar. I år vart det ikkje berre rekord på sluttsummen av innsamla midlar, det vart også ny bestenotering for lengd på maratonsendinga.


Etter 26 timar på lufta hadde programleiarane Lotte Solheim Johannessen og Silja Furset fått inn 14 235 kroner som gjekk uavkorta til WWF, skriv Nærnett. Det opprinnelege innsamlingsmålet på 5000 kroner nådde dei allereie etter seks timar. 

- Det har gått over all forventing, og mye av fortjenesten er til folk som har hjulpet til rundt oss. Folk som har vært innom, og ikke minst student-TV, seier programleiar Silja Furset i intervjuet med Nærnett

Sjølv fekk ho og med-programleiar Lotte Solheim Johannessen nye tattoveringar som følgje av givargleda radiolyttarane viste. 
 

Del på