Val av studentrepresentantar til høgskulestyret 2019

Tekst: Per Straume

Fram til 19. september er det mogleg å nominere kandidatar til valet av studentrepresentantar til høgskulestyret.

Høgskulestyret sine oppgåver:

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Gode grunnar til å bli med i høgskulestyret:

  • Du får godtgjersle for alle styremøte du er med på
  • Du får god erfaring frå styrearbeid på ein viktig institusjon
  • Du får eit bra verv å ha på CV-en din

Meld di interesse ved å bruke den elektroniske nominasjonsporten.

Du kan også ta kontakt med Studentsørvis. Kjenner du nokon andre som du ser for deg kan passe til å sitte i styret? Ikkje nøl med å nominere dei, men ver sikker på at dei sjølve ønskjer eit slik verv.

Frist for nominasjon er 19. september kl.14.00
Elektronisk val i SurveyXact frå 3. oktober til 11. oktober kl. 14.00.

Viktige datoar for studentrepresentantvalet:

20. august – 19. september kl. 14.00: Nominasjonsperiode
23. september kl. 14.00: Svarfrist for de nominerte
25. september: Presentasjon av studentrepresentantane
25. september – 3. oktober: Valgkampperiode
3. oktober – 11. oktober kl. 14.00: Elektronisk val i SurveyXact

Del på