Veka 2020 tek av

Tekst: Per Straume

Ikkje gå glipp av magiske opplevingar som konsertar, standup, disko, quiz, øl- og vinsmaking og mykje meir! Gabrielle, Lars Vaular, Vamp og Morten Ramm kjem – kjem du?

Veka 2020 i Volda går frå 9 til 22 februar. Her kan ein førebu seg på alt frå konsertar til standup med Morten Ramm. Når Veka startar i gong har alle noko dei kan sjå fram til. Dette er ein festival der alder ikkje er nokon hindring. Alle aldrar skal kunne ha glede av Veka 2020. Ei rekke gode artistnavn skal på scena. For dei som vil lære meir om øl og vin, vil  øl- og vinsmaking by på ei smakfull og lærerik oppleving. Glaset er fylt til randen med artige arrangement, sjå heile VEKA-programmet her:

VEKA-PROGRAMMET

Ein av dei som står på for å få Veka 2020 til å gå så smertefritt som mogleg er Veka-sjefen Kim Tvedt. Han har jobba tre år i styret og er leiar for årets festival. Tvedt er klar på at alle har noko å sjå fram til.

– Det ein kan forvente av årets Veka er konsertar for både yngre og eldre, lokale og studentar. Arrangement som gir latter, glede, informasjon og inntrykk. Vi har fokus på å samle lokalsamfunnet med arrangement som til dømes Livleg Laurdag som alltid er populært og revyen som kicksartar heile Veka.
 

Del på