Verdsdagen for psykisk helse: Einsemd på timeplanen

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Psykisk helse-månad ved HVO held fram med ei rekkje tilbod til studentar og tilsette. Denne veka er det kurs med einsemd som tema, "trening med mening" på Stamina og haustkafé i kantina. Arrangørane ønskjer varmt velkomen.
 

«Gi tid» er tema for årets verdsdag for psykisk helse, 10. oktober. Og tid er sett av ved Høgskulen i Volda. Heile oktober månad er sett av til ulike arrangement, både for studentar, tilsette og folk i regionen. Dette er eit samarbeid mellom HVO, studentsamskipnaden, studentparlamentet og studenthumanisten, og tilboda er basert på tilbakemeldingar frå studentane sjølve. 

– Vi vil skape gode møteplassar for studentane og lage kurs og arrangement som interesserer dei, sa studentrådgjevar Eli Anne Løksa og studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen då dei presenterte kursserien tidlegare i haust.

 

Førre veke vitja den kjende psykologen Peder Kjøs Volda, og snakka om opp- og nedturar ein kan møte i studielivet. Denne veka er eit anna viktig tema på timeplanen: Einsemd. - Målet med kurset er at du skal få innsikt i kva einsemd er, og kva ein kan gjere for å kome ut av det, skildrar kurshaldar Marit Rønning Lund, rådgjevar i SiT (Studentskipnaden i Trondheim). 

Om du sjølv ikkje kjenner deg einsam, kanskje nokon rundt deg treng hjelp?

Kurset er gratis, du treng ikkje å melde deg på, og du får mat. Det startar 14.30, og du finn all informasjon i kalenderen

 

Morgontrening med meining! 

Det er meir på timeplanen 10. oktober, og for dei som vil få ein ekstra deilig start på verdsdagen for psykisk helse, byr Anna Rudin i Studentparlamentet på gratis trening på Stamina Family Club i Volda klokka 0800.  Dette er ein time inspirert av yoga, pilates og tai chi, kalla "Bodybalance". Seinare på dagen vert det også haustkafé i kantina med gratis mat i kantina på Berte Kanutte. 

Arrangørane ønskjer varmt velkomen! 

 

Del på