Verdspremiere på ny HVO-film

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda lanserer i dag ein ny film som skal gjere valet om Volda som studiestad enda enklare for framtidige studentar. SPOILER: Sjå opp for småklein humor.

Filmen spinn ut ifrå høgskulen sin kortstokk med 52 gode grunnar til å velje Volda, som vart lansert tidlegare i år. Den kjem som ein oppfølger etter filmen som først fortalde om kortstokken og fekk ungdom til å måpe av korttriks. Framtidige studentar som står framfor eit viktig val om høgare utdanning får her presentert 52 kort, der kvart kort presenterer ein unik grunn til at Høgskulen i Volda er skulen å velje. 

Filmen har fått namnet «Opne kort», då høgskulen «avslører» taktikken sin for å overtyde og rekruttere nye studentar med kortstokken. «Avsløringa» med at høgskulen tenker litt lenger enn ein kortstokk og er til stades digitalt for å fortelje om den fantastiske studiestaden Volda, har eit humoristisk snitt over seg.

Sjå alt du kan studere i Volda og søk innan 15. april

Her er den nye filmen:


Campus Live og studentportrett

Filmen er blitt til gjennom eit samarbeid mellom høgskulen og produksjonsselskapet Oclin i Volda. Bak Oclin står dei to tidlegare medieproduksjonsstudentane Atle Remmereit og Chris-Håvard Berge. «Opne kort» føyer seg inn i rekka av samarbeidsprosjekt mellom høgskulen og Oclin – det starta med Campus Live i 2016.

– Campus Live blei en suksess. Vi lagde ei sending på Facebook der vi tok med potensielle studentar og andre nysgjerrige frå flyplassen og til campus ved Høgskulen i Volda. Sjåarane fekk ei omvising i alle hus på høgskulen, sjå ulike fasilitetar og møte studentar og tilsette. Undervegs kunne folk sende inn spørsmål og no ligg sendinga på YouTube for dei som er nysgjerrige. Liknande prosjektet har vi blåst liv i no i koronakrisa for andre kundar. Vi leverer blant anna støymeteneste til produksjonsselskap som er ute på opptak. I staden for at alle er med på innspelinga strøymer vi det heim til folk. Det går mykje i strøyming om dagen, fortel Atle Remmereit.

 

 

Oclin står også bak suksessen med filmportrett av tidlegare Volda-studentar som no er å finne i spanande jobbar landet over. Remmereit og Berge har reist rundt om i Noreg og portrettert opp mot 50 studentar som har fått god nytte av utdanninga si frå Volda.

Møt alle dei tidlegare studentane og sjå kva dei jobbar med her.

Store namn på kundelista

Det har ikkje stått på kundar med tøffe og unike utfordringar for duoen bak Oclin. Dei har levert film- og strøymeteneste til blant anna Color Line, Klypa, Ulvang, Ulstein, Hurtigruten, Kari Traa, Tussa og Bocuse dÓr. Det heile tok til som ein sped start under studietida i Volda.

Atle Remmereit
Atle Remmereit

– Eg starta som einskildføretak då eg begynte å studere. Oclin føles litt som ei utvikling av det. No fungerer det godt å drive eit produksjonsselskap i Volda. Det er miljø for å drive med det og fleire å samarbeide med. Vi har tatt fleire steg vidare sidan vi var studentar, seier Remmereit og nemner Marius Beck Dahle, Ranglefant, Tyler og Einy Sparks som samarbeidsaktørar.

Kompanjongen Berge held til i Oslo og har kontor lokalisert saman med det anerkjende kommunikasjonsbyrået Splay. Saman reiser Berge og Remmereit landet over og utfører oppdrag. Nyleg har dei også tilsett Torstein Lund Sperstad, også han medieproduksjonsstudent frå Høgskulen i Volda, som blir ferdig med bacheloren no i vår.

– Her er mykje å gjere på Sunnmøre med eit aktivt næringsliv som har behov for våre teneste. Når vi i tillegg kan vere fleksible med reising til oppdrag, har vi ikkje hatt problem med å få ting til å gå rundt, forklarar Remmereit.

Skaffa nettverk i Volda

Han er svært takksam for studietida han hadde i Volda, all praksisen det gav han og ikkje minst erfaringa og kunnskapen som han og Berge dreg stor nytte av i dag. 

– Studiet fungerte godt for min del –  heile studietida i Volda var ei fin og lærerik reise. Vi hadde mykje samhandling med andre studium. Eg var veldig aktiv i X2 Festivalen, student-tv, Rokken, revy, radio og så bortetter – alt dette var kjempegod øving og ikkje minst sosialt. Mange av dei eg jobbar for og med i dag, møtte eg som frivillig som student. 

Sjå filmen som først fortalde om kortstokken og fekk ungdom til å måpe av korttriks

Del på