Vi har opna for søking

Tekst: Per Straume

I dag opnar våre studium som er i Samordna opptak for søking. Nysgjerrig på Volda og kva vi har å by på? Sjå her!

Studia våre i Samordna opptak kan du søke på frå 1. februar.

Høgskulen i Volda her eit bredt tilbod av årsstudium, bachelor.- og mastergrader. Vi er kjend landet over for fleire av våre utdanningar og tilbyr studium innan desse fagområda:
Lærar- og barnehagelærarutdanning, mediefag, administrasjon planlegging og leiing, estetiske fag, sosionom og barnevern, historie, idrett og friluftsliv, språk og litteratur og religion.

Sjå alt du kan studere i Volda her!
 


Høgskulen i Volda er spesielt kjent for sitt tette og gode studiemiljø, der lærarane set av god tid til kvar enkelt student og studentane får seg venner for livet. 

Studentane set stor pris på at Volda er av dei billigaste studeistadane i landet å bu. Sjå korleis du kan bu i Volda.

Da får dei meir pengar å bruke på fritida si, der dei kan nytte seg av alle dei ulike tilboda som finst i Volda.

Anten du er glad i friluft og sportslige aktivitetar i den vakre sunnmørsnaturen, kulturelle innslag der blant annet studenthuset Rokken har mykje å by på, ei rekke årlege festivalar som studentane er med på å drive eller politiske organisasjonar finn du noko å gjere på i Volda. Les meir om det her!
 

Del på