Vi har opna for søking

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I dag opnar vi for søking til alle våre studium som startar opp til hausten. Nysgjerrig på Volda og kva vi har å by på? Sjå her!

Studia våre i Samordna opptak kan du søke på frå 1. februar.

Variert studietilbod

Høgskulen i Volda har eit variert tilbod innanfor årsstudium, bachelor.- og mastergrader. Vi er kjend landet over for fleire av våre utdanningar og tilbyr mellom anna studium på fagområda:
Lærar- og barnehagelærarutdanning, mediefag, administrasjon planlegging og leiing, estetiske fag, sosionom og barnevern, historie, idrett og friluftsliv, språk og litteratur og religion.

Høgskulen i Volda er spesielt kjend for sitt tette og gode studiemiljø, der lærarane set av god tid til kvar enkelt student og studentane får seg venner for livet. 

Sjå alt du kan studere i Volda her

Søknadsfristen for våre studium i Samordna opptak er 20. april.

Er du ikkje heilt sikker på kva du vil studere, ta studietesten vår!
 


Framover vil studentambassadørane våre ta over Instagram-kontoen vår og vise fram hvordan de har det i Volda – både på skolen og fritida. Følg oss der og på Facebook.

Les også: Nye opptakskrav til grunnskulelærarutdanninga

Er du usikker på søknadsweb, realkompetanse, samordna opptak eller opptakskrav? Her finn du nokre svar om dette

Kjempegøy fritid

Studentane set stor pris på at Volda er av dei billigaste studeistadane i landet å bu. Sjå korleis du kan bu i Volda.

Da får dei meir pengar å bruke på fritida si, der dei kan nytte seg av alle dei ulike tilboda som finst i Volda.

Anten du er glad i friluft og sportslige aktivitetar i den vakre sunnmørsnaturen, kulturelle innslag der blant annet studenthuset Rokken har mykje å by på, ei rekke årlege festivalar som studentane er med på å drive eller politiske organisasjonar finn du noko å gjere på i Volda. Les meir om det her!
 

Del på