– Viktigare enn nokon gang før

Tekst: Per Straume , Foto: Tone Solhaug

Lyst til å sosialisere deg, finne på noko gøy og ha gode samtaler med andre studentar i Volda? Sjekk ut programmet for Psykisk helsemånad ved Høgskulen i Volda 9. – 31. oktober.

– Gratis kino, yoga, vennskapskafé, hurtigvenn, foredrag og gratis lunsj og turar i naturen, boblar det ut av Lone Ellingvåg Knutsen og Eli Anne Løksa når dei skal forklare kva Psykisk helsemånad ved Høgskulen i Volda (HVO) har å by på. Og dei har ikkje huska alt.

Dei er høvesvis studenthumanist og studentrådgjevar og ein del av velferdsgruppa ved høgskulen som er sett saman av representantar for ulike tilbod som skal vere med på å gjere tida som student enklare, kjekkare og tryggare.

Sjå heile programmet her

Ny sosial dugnad

Då dei debuterte med psykisk helsemånad i fjor vart det ein suksess. Det same med «førstehjelp i eksamenstida» før jul. No har velferdsgruppa stelt i stand ein ny psykisk helsemånad i månaden der verdsdagen for psykisk helse er 10. oktober. 

– Folk har vore innstilt på å bidra i koronadugnaden for å kjempe mot viruset. Men no er det ein ny dugnad vi også må konsentrere oss om. Den handlar om å styrke fellesskapet og sjå kvarandre i denne tida. Viruset skaper sosial distanse, det må vi jobbe mot å betre. I det bildet synest vi Psykisk helsemånad passer svært godt. Sånn sett er Psykisk helsemånad viktigare enn aldri før, meiner Knutsen og Løksa.

Meir einsemd

Dei har sjølv jamleg fortrulege samtalar med studentar, det same har psykolog Vidar Myklebust som er knytt til høgskulen.

– Vi opplever alle tre at temaet einsemd dukkar oftare opp i samtalane med studentane no enn tidlegare. Det same ser vi igjen i undersøkingar elles i samfunnet også. Fleire møtestadar er borte og vi forstår godt at studentane kan kjenne seg aleine. Kanskje spesielt dei som starta som studentar i Volda no i haust og som ikkje hadde noko nettverk frå før. Vi håper difor at programmet vi har fått i stand kan vere ein del av eit svar på dette, og vere med på å skape nye relasjonar og styrke dei ein har. Openheit, fellesskapskjensle og vere nysgjerrig saman er viktige stikkord.

Fyldig program

Teamet for verdsdagen for psykisk helse i år er «Ver merksam. Vis interesse. Spør meir». Det vil også vere synleg gjennom arrangementa til Psykisk helsemånad ved høgskulen.

EIN MÅ MELDE SEG PÅ VIA TIKKIO.COM FOR Å FÅ VERE MED PÅ KVART ENKELT ARRANGEMENT

  • Det blir kick off  fredag 9. oktober med Haustkafé med gratis lunsj til dei påmeldte (maksimalt 50 stk.) og syning av gratiswebinaret «#Spør Meir! Verdensdagen for psykisk helse» i regi av Stine Sofies Stiftelse.
  • Arrangørane har laga ei rebusløype i Elvadalen, der det er konkrete spørsmål ein bør svare på der og da og spørsmål til undring, som ein kan tenke over og diskutere under turen. Studentane kan sende inn løysingsord og vinne premiar.
  • I høgskulen sine sosiale media-kanalar vil det gå ei «spør meir-kampanje» der det vert stilt spørsmål som har noko med årets tema å gjere. Ein vil plukke ut gode svar og republisere desse.
  • Tankevirus er eit kurs som går ein gang, men over to dagar. Det er kjend landet over for å gjere det enklare å snakke om psykisk helse.
  • Natura vil legge opp til en lågterskeltur med det bålbrenning, kaffi og det sosiale i sentrum.
  • I biblioteket vil det gjennom heile månaden vere ei utstilling som er retta mot temaet.
  • Podkasten Podkrastinasjonen, drive av studenthumanist Knutsen og studentrådgjevar Løksa, slepp ein eigen episode knytt til Psykisk helsemånad. Samtalen deira med psykolog Vidar Myklebust handlar både om temaet for verdsdagen og psykisk helse knytt til studentar og unge vaksne. 

Gratis kino og hurtigvenn

  • Hurtigvenn er eit konsept der ein skal verte godt kjent på kort tid. Ein får sju minutt til å snakke med ein person, før ein hoppar til neste. Spørsmål og tema til å snakke om får ein av arrangørane.
  • Vennskapskafé er tenkt som eit kafékonsept med vennskap som tema i hyggelege Kaarstad-stova. – Eit sit tre-fem studentar rundt eit bord og et og drikk noko godt, samstundes som ein saman reflekterer over vennskap og kor viktig det er i liva våre, forklarar Knutsen.
  • Det vil også vere yoga for kropp og sinn med tidlegare student Kishore Gajendra og Inger Kristine Havåg.
  • Arrangørane byr på gratis kino og visningar som berre er opne for studentar ved Høgskulen i Volda.

Hurtigvenn, vennskapskafé, yoga og kino vil alle gå tre gangar i løpet av oktober.

SJÅ HEILE PROGRAMMET HER
 

Del på