– Vil bli ei ny verd for studentane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Ein aktiv dugnadsgjeng har sørga for at høgskulens friluftslivbase på Yksnøya har fått på plass splitter nye flytebrygger til studiestart 2020. – Det blir fantastisk å få ta med studentar ut dit og nytte dei, seier høgskulelektor Ola Einang.

– Det var på høg tid, nesten på overtid, seier Einang og sikter til utskifting av flytebryggene på Yksnøya.

Han var med då den første flytebrygga vart kjøpt inn i 1992. I åra etter blei det bygd to brygger til på dugnad. 

Sikkerheit og miljø

To av desse er no skifta ut, saman med landgangen. Med det har ein fått på plass to heilt moderne nye flytebrygger og landgang.

– Dette gjer vi for at sikkerheita skal vere god. Dei gamle flytebryggene, og spesielt landgangen, var utbrukte og vi måtte gjere noko. Dei gamle bryggene hadde også store isoporklossar som ikkje er spesielt miljøvenlege, så det er også eit godt miljøtiltak, fortel Einang.

For å få til dette har ein god dugnadsgjeng med tilsette frå seksjon for idrett og friluftsliv og eit par grunneigarar på Yksnøya lagt ned mykje arbeid. I løpet av fem lange dagar (som doble arbeidsdagar å rekne) har dei fjerna dei gamle bryggene, støypt opp nytt fundament til landgang, frakta bryggene med hjelp frå Bjørkedalen kystlags båt Nordlys, og montert heile anlegget. Bryggene er betalt gjennom investeringsmidlar frå høgskulen.

Flytebrygge Yksnøya

Meir komfortabelt for studentane

Ei vel anvendt investering til basen som blir nytta til undervisning av studentar. – Det blir mykje enklare for alle å halde på med båtane rundt bryggene. Det vil ikkje vere så glatt som det har vore før og no kan fleire gå der samtidig. Dette blir ei ny verd for studentane, poengterer Einang, før han kjem med eit viktig moment til:

– Vi nytter bryggene til sikkerheitsopplæring, som til dømes fall over bord eller liknande. Då er det greitt at fasilitetane er trygge og gode, smiler han.

Les om friluftslivslivbasen på Yksnøya og då den fylte 40 år i 2019.

Allsidige Yksnøya

Høgskulen har fem færingar (robåtar) og to store trerøringar med segl og rigg som no kan leggast til ved dei nye bryggene.

Undervisinga og aktivitetane på Yksnøya gir friluftslivstudentane viktig kunnskap om den kulturarven som kystkulturen representerer. Studentane får opplæring i bruk av tradisjonelle båtar, segling, navigering, fiske og fangst.

Det er ikkje berre studentar ved friluftsliv som nyttar basen på Yksnøya. Basen eignar seg ypparleg til undervisning for fag som til dømes naturfag, matkultur og helse, barnehagelærarutdanninga og kunst og handverk.
 

Del på