Vil du vere statist i film om VR-teknologi?

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Fredag 17. september får studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda sjansen til å vere filmstatistar i ein film om VR-teknologi. Meld deg på her!

Videoen skal inngå i utprøving av VR-teknologi i profesjonstreningsprogram ved HVO. Filmane inngår i eit pilotprosjekt og skal brukast som forskings- og utprøvingsgrunnlag.

Det er ikkje nødvendig med nokon form for erfaring med noko liknande arbeid frå før. Det er behov for kring 30 statistar. 

Om filmen: 

Det vert simulert eit foreldremøte i ungdomsskulen og ein treng statistar som representerer mangfaldet i befolkninga og som skal spele foreldre. Det er medieproduksjon ved høgskuelektor Jon Harman, og samfunnsfag (GLU) ved førstelektor Trudi Henrydotter Eikrem som står bak produksjonen av denne VR-videoen. Denne innspelinga er for øvingsvideo 1 i prosjektet.

Tid og stad: 

Opptak skjer på Høsgkulen i Volda fredag 17. september i tidsrommet 08.00- 16.00. Kvar einskild vil få beskjed om når ein skal møte, og det vert høgst sannsynleg berre i delar av det oppsette tidsrommet. 

Dei som melder seg blir lagt til i eit Teams-rom der det vert delt praktisk informasjon med eksakte tidspunkt og rom. 

Ansvarleg produksjon:

Jon Harman har regi, og jobbar saman med eit crew frå Hamar. 
Det er behov for kring 30 statistar. 

Påmelding og kontaktinformasjon:

Ta kontakt med Trudi Henrydotter EIkrem på: them@hivolda.no eller Camilla Dahl Humberset på camilla.humberset@hivolda.no for påmelding og spørsmål.

Oppdraget som statist er ikkje betalt, men vil kome studentar til gode ved at vi undersøker korleis ny teknologi kan bidra til utvikling av kvalitet i studieprogram ved Høgskulen. 

Del på