Samarbeider om campusutvikling

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Ei rekkje lokale og regionale aktørar støttar ideen om å etablere eit forum for campusutvikling ved Høgskulen i Volda. Dette kom fram på eit møte om arealplanen for Volda kommune.

Høgskulen i Volda har ei rekkje utfordringar med store byggjeprosjekt både på, ved og rundt høgskuleområdet. Campus Volda har på få år vorte eit pressområde med ei rekkje store planar frå mange aktørar. Samtidig er Volda kommune i ferd med å gjere ferdig framlegg til arealplan for Volda kommune. Så no er det viktig for høgskulen å kome med innspel til arealplanen.

På bakgrunn av dette arrangerte høgskulen og Volda kommune i lag eit møte om arealplanen og framtidig samarbeid mellom aktørar i området. Representantane på møtet kom frå:

  • Høgskulen i Volda
  • Volda kommune
  • Ørsta kommune
  • Studentsamskipnaden i Volda
  • Sunnmøre kulturnæringshage
  • Statsbygg
  • Volda Campus Sparebank1 Arena
  • Helse Møre og Romsdal
  • Volda vidaregåande skule
  • Møre og Romsdal fylkeskommune, planavdelinga
  • Statens vegvesen

 

Forum

Rektor Johann Roppen ønska at dei rundt bordet drøfta om det var behov for eit forum for campusutvikling, om det var lurt å lage ei eiga områderegulering for campus Volda – og at både kollektivtrafikk og parkering vart betre.

Eit forum for campusutvikling har det vore i fleire år ved Campus Ålesund – og det var støtte til å etablere eit slikt forum også for Volda. Forsamlinga var meir usikker på om det var rett å lage ei områderegulering for Campus Volda, men at det var rett at eit forum for campusutvikling vurderte det spørsmålet.

Når det gjeld ønska om betre kollektivtrafikk, betre parkeringsforhold og trygge og gode vegar for gåande og syklande så er dette delvis tema i Volda kommunes arealplan – men dette var også eit tema som passa godt å drøfte i eit campusutvikllingsforum.

 

Presentasjonar frå møtet:

Presentasjon av nytt mediehus (HVO)

Utbygging av høgskuleområdet (HVO)

Arealplandel kommuneplan (Volda kommune)

Volda sjukehus (Helse Møre og Romsdal)

Campus Ålesund (MR Fylkeskommune)

 

Relaterte saker:

Milliardinvesteringar på og rundt campus

Nytt mediehus skal stå ferdig 2020.

Volda Campus Sparebank1 Arena

 

Campus Volda har på få år vorte eit pressområde med ei rekkje store planar frå mange aktørar.

Del på