Vinn både premie og betre studiekvardag

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Går du 2. eller 5. studieår? Da kan du svare på spørreundersøkelsen Studiebarometeret og vinne både penger og pizzakveld med klassen din – i tillegg til å gjere studiet ditt betre.

20. oktober opna Studiebarometeret 2020 og studentar som går 2. eller 5. året ved Høgskulen i Volda kan no svare på undersøkinga. Alle skal ha fått e-post til sin private e-post med lenke til der ein skal svare på undersøkinga.

Svarfrist på studiebarometeret er 13. november.

Studiebarometeret vert gjennomført for å fange opp studentane sitt syn på utdanningskvalitet. Føremålet er å auke studiekvaliteten og gi nyttig informasjon til høgskular/universitet, studentar og andre. Resultata gir utdanningsinstitusjonane moglegheit til å gjere forbetringar. I tillegg vert resultata brukt til forsking på utdanningskvalitet. Undersøkinga vert utført av NOKUT på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. 

Tatt på alvor

Det tek cirka 10-12 minutt å fylle ut spørjeskjemaet. Vel investert tid, meiner Odd helge Mjellem Tonheim, prorektor ved Høgskulen i Volda.

– Resultata frå undersøkinga er viktig for kvalitetsarbeidet vårt med dei ulike studieprogramma. Alle studieprogram har eit eige kvalitetsutval som dette blir teke opp i og arbeidd vidare med. Vi diskuterer også resultata med studentane, og går gjennom kva ein kan forbetre og korleis. Samtidig blir resultata frå studiebarometeret også tatt opp i avdelingsråda på høgskulen, utdanningsutvalet og i høgskulestyret. Dei som svarar skal vite at svara deira blir teke på alvor av høgskulen, forsikrar Tonheim.

Blir høyrt

Undersøkinga er nasjonal og gir grunnlag for å samanlikne studium på tvers av universitet og høgskular, og sjå trendar og endringar frå år til år.

– Når ein får svar på same spørsmåla år etter år ser ein om det er forbetringspotensiale på dei ulike studia, og om det blir tatt tak i av høgskulen. Difor er det så viktig å svare, og svare ærleg på dette. Det kan gi skulen ein peikepinn på at noko bør forbetrast, seier Trym Rimmen, leiar i Studentparlamentet i Volda, og held fram:

– Det som er så bra med denne undersøkinga er at ein veit at den blir tatt opp i viktige forum ved høgskulen, snakka om og tatt tak i.

Gøy premie

Parlamentsleiar Rimmen svarte på undersøkinga som andreklassing på bachelorgraden i musikk. Svarprosenten i klassen hans var høgst ved høgskulen og dermed vann dei mat til ein kveld med klassen. Same premien vinn klassen med høgast svarprosent i år også. I tillegg er det ein nasjonal premiepott blant dei som svarar der gevinstane er 30 gåvekort på opptil 5000 kroner.

– Eg anbefaler alle å svare. Den kvelden med mat vi vann på Rokken var verkeleg gøy, minnast Rimmen med eit smil.

Svarfrist på studiebarometeret er 13. november.


 

Del på