Volda – midt i teaterverda

Tekst: Per Straume , Foto: Jonas Közle

- Oppdatert

Gjennom to veker blir det ved Høgskulen i Volda laga teater som skal utviklast til førestillingar for framsyningar i Afrika, Asia og Europa. Dette unike internasjonale samarbeidet skal glede barn og ungdom rundt om i verda.

– Eg får utruleg mykje inspirasjon av korleis desse folka skapar teater og kunst, og også av å høyre på og gi tilbakemeldingar, seier Marit Ulvund. Ho er leiar for Seanse, senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda , som har gitt støtte til kunstnaropphold i Volda for 26 kunstnarar som driv med barneteater. Dei kjem frå teatergrupper i Burkina Faso, Danmark, Nepal, Noreg, Kina, Sverige og Uganda.

Unik moglegheit

Prospero Workshop kallar ein prosjektet desse no har sett i gong og som skal ende opp med tre ulike teatervisningar og seminar  i Oslo, Malmø og København. Bak kvart av dei tre visningane står det ei gruppe som inneheld ein representant frå kvart av dei sju landa. På den måten skal deltakarane kunne reise heim til sitt eige land og framføre dei tre ulike variantane av barneteaterforestillingar.

– Dette er ein svært god idé som eg er glad for å få lov til å vere med på, seier Dennis Agaba. Han har reist heilt i frå Uganda og Volda vart hans første plass å besøke i Europa. I tillegg til å lage barneteater i heimlandet, opererer han også som skribent og filmprodusent for blant anna dukkefilmar til TV. No er han glad for å ha kome til sunnmørsbygda for å gjere det han liker aller best: skape barneteater som han seinare skal vere med på å framføre.

Dennis Agaba
Dennis Agaba har lært mykje og hatt det kjekt under opphaldet i Volda.

Nytt syn på teater

Dette skjer saman med kollegaer frå andre land, med heilt andre utgangspunkt, kulturar og ståstad. For det meste berre eit stor pluss, ifølge Agaba. – Når eg arbeider med teater heime i Uganda tenker eg at vi gjer det på den beste måten. No ser eg at vi har noko å lære frå andre land også. Kvart land har sin eigen stil og måte å utvikle barneteater på – ein stor inspirasjon for meg. Etter desse dagane ser eg lengre fram og breiare, det har gitt meg nye perspektiv, forklarar Agaba.

Han vart anbefalt av ein professor ved universitetet i Kampala – hovudstaden i Uganda – om å søke stipend og bli med på Prospero Workshop. No er Agaba ein del av ei samling ein aldri har hatt gjennom Seanse i Volda tidlegare. Kunstnaropphald støtta av Seanse består gjerne av ulike kunstretningar, men for denne anledninga valde ein ei litt anna satsing.

– Vi fekk førespurnaden om å støtte prosjektet for eit år sidan. Kari Ramnefjell i Teater Joker tok kontakt, og kunstnarisk leiar i Seanse, Karsten Solli, og eg syntest dette verka så spennande at vi måtte berre seie «ja», fortel Marit Ulvund, leiar av Seanse.

Seanse
Karsten Solli (f.v.), kunstnerisk leiar i Seanse, Marit Ulvund, leiar av Seanse og Jacques Matthiessen, grunnleggjaren av Prospero rettleia og kom med gode innspel til teatergruppene.

Læring på mange plan

Ho og dei andre tilsette i Seanse var svært delaktige med å gi tilbakemeldingar når gruppene viste fram kva dei arbeidde med og skulle få respons. Eit arbeid dei tydeleg sette pris på.

– Det er moro å ha så mange flinke og kreative folk samla i Volda. Dei aller fleste er nye for oss og så artig å bli kjend med. Her er det læring på mange forskjellige plan, seier Ulvund.

I 2019 er det 15 år sidan Seanse - senter for kunstproduksjon starta med kunstnaropphald ved Høgskulen i Volda. Seanse sitt mål er å medverke til kvalitetsproduksjonar og kompetanseutvikling i kunst for og med barn og unge, og andre aktuelle målgrupper. I 2018 feira Seanse kunstnar nummer 500 på kunstnaropphald.
 

Del på