Volda-studentar med utsmykkingar i ny hall

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Animasjonsstudentane Karoline Grønvik og Eilif Grøn Hensvold fekk æra av å utsmykke Volda Campus Sparebank1 Arena med illustrasjon på veggane inne i hallen.

– Vi synest det var veldig gøy å få moglegheita til å leggje igjen noko som skal stå en stund i Volda; et sted vi har lært å bli veldig glad i. Det var en spennande prosess der vi fekk lov til å utfalde oss, i eit godt samarbeid med Volda Campus Sparebank 1 Arena. Det var fint å få lov til å prøve å formidle ideane og tankane dei ga oss med mye fritt spelerom, fortel Grønvik og Hensvold.

Det var dei som står bak den nye hallen som tok kontakt med høgskulen og sette dei i kontakt med animasjonsstudentane, som har mykje erfaring ved teiknebrettet. 

Idrett og natur som inspirasjon

Studentane fekk utfordringa å bruke ordtaket «liten før eliten» som eit utgangspunkt for vidare ideutvikling. Volda handball og KFUM Volda Volleyball er av eigarane og dei som står bak den flunkande nye og flotte arenaen som vart opna i desember. Det gav også visse føringar for dei kreative studentane som studerer bachelor i animasjon.

– Vi prøvde å lage bilde som viser at idrett har plass til alle. Vi henta inspirasjon frå naturen i Volda; blant annet Rotsethornet og fylkesblomsten til Møre og Romsdal, bergfrua. Mykje av prosessen gjekk med å på finne referansar frå idrett, velje fargar som ville passe til hallen som allereie er malt i oransje og blått, og finne eit uttrykk som alle var nøgd med. Ein stor del av utviklinga av stil handla om kor personleg eller anonym karakterane skulle vere: enkle, anonyme silhuettar, eller meir realistiske personar. Vi enda opp med karakterar som vi håper kan representere mange, men likevel gi arenaen ein tydeleg identitet, forklarar studentane.

Tilpassa medieproduksjon for studentar

Den flunkande nye arenaen som ligg på høgskuleområdet skal vere ein fleirbrukshall for heile Volda, med ein topp moderne klatrehall i tillegg.

VCA

I hallen er det plass til idrett, konsertar, e-sport-turneringar og mykje meir. Lys- og lydanlegget fyller krava til eliteseriespel for både handball og volleyball – midt i blinken etter som volleyballkvinnene til KFUM spelar i eliteserien og handballdamene bit godt ifrå seg i 1. divisjon. Tribunene har kapasitet til 2000 tilskodarar.

Arenaen har også eigne møterom, sosiale område med gode sitjegrupper og kiosk og kafé. Hallen er tilpassa TV-produksjon og vil bli ein fin øvingsarena for høgskulen sine medieproduksjon- og journalistikkstudentar, som strøymar og kommenterer handball- og volleyball-kampar.
 

Del på