Volda-studentar i spissen for 17. mai-sending

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Det vert direktesendt praksis på nasjonaldagen for sju mediestudentar frå Høgskulen i Volda i samarbeid med Oclin og Tussa. Studentane skal vitje alle kommunane på Søre Sunnmøre og rapportere frå festlegheitene. 

Sara Aga, Julijane Remmereit, Julie Helle, Celina Magnussen, Marius Bjørkedal og Erlend Arnesen har snart lagt bak seg første året på journalistikk ved medielinja på Høgskulen i Volda, Andreas Hellenes andre året. Før dei går laus på eksamen, vert det ein annan elddåp – på sjølvaste nasjonaldagen: Ei fleire timar lang direktesending!

– Det er ekstremsport, seier Atle Vasbotn Remmereit, som med sitt produksjonsselskap Oclin står bak prosjektet på oppdrag frå Tussa. - Dette er nyttig praksis og ei veldig god erfaring for studentane å ta med seg. 

 


Positive og produktive

Det stadfester student Erlend Arnesen. Han seier dette er ei kjempefin moglegheit: - Det er veldig god trening for oss! Eg må også få fram at samarbeidet med dei andre studentane har vore supergøy! Dei er alle utruleg dyktige, skryt med-studenten. 

Også Oclin-sjefen, som sjølv har studert ved medielinja, er imponert over studentane. – Dei er utruleg produktive og positive! Dei har allereie vore rundt i regionen og laga førehandsreportasjar, og eg kan love at det vert mykje kjekt å sjå på nasjonaldagen, seier Vasbotn Remmereit.  

Arnesen gir oss ein liten smakebit på kva som er i vente: - Eg har mellom anna fått sjå lundefugl på eit par meter avstand ved Runde Miljøsenter og spelt bumperball og paintball med Herøy Lan. To opplevingar eg seint vil gløyme, gliser journaliststudenten.


Lover strålande stemning

I år som i fjor, og for å kompensere for dei store fellesarrangementa som må gå ut grunna Covid-tiltaka, ønsker altså Tussa å lage TV-fest på 17. mai. I likskap med dei nasjonale sendingane vert det smakebitar frå ulike feiringar, og i dette tilfellet er det dei sju kommunane på Søre Sunnmøre som får spele hovudrolla. 

Også i fjor var det med studentar frå HVO som reporterar, og Thomas Ryste stiller som programleiar igjen, men nytt av året er at Oclin har ein eigen produksjonsbuss som vil køyre rundt. – Ei oppgradering frå i fjor. Då hadde vi ikkje tak over hovudet, og opplevde at vi sludda ned både kamerafolk og utstyr, humrar Vasbotn Remmereit. Han håper på meir sol i år, og kan uansett love strålande stemning på skjermen. 

Det lover også reporter Arnesen. - Eg er veldig glad for å at eg vart med på dette. Å lage førehandsinnspelte reportasjer har vore utruleg gøy, og vi har møtt så mange fine folk som driv med mykje spanande. No er vi ekstra spente på å vere direkte inne på 17. mai, seier Arnesen.

– DÉT blir gøy, det!

 

Følg Volda-studentane direkte på Facebook, YouTube eller på TV, for dei som har det via Tussa. 

Del på