– Wow! Volda, tenkte eg

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Samstundes som ho gjerne vil gå i front og kjempe hardt for kulturfaga sine kår, ønsker Unni Hagen å bli oppfatta som ein føreseieleg leiar med godt humør som ser tilsette og studentar. Torsdag 1. august hadde den nye dekanen ved Avdeling for kulturfag sin første arbeidsdag ved Høgskulen i Volda.

– Eg gler meg til å kome i gang, seier Hagen. Med ordentleg trykk på «gler», og med eit engasjement og ei innleving som gjer at du verkeleg trur på ho. Det heng sjølvsagt saman med den ho er og kva som fell naturleg.

64 år og å søke ny leiarstilling – det er ikkje for alle. Unni Hagen gjorde det utan å tenke på talet.

– «Du er så tøff», har mange sagt til meg etter at eg fekk jobben. Eg synest det er kjekt å høyre, men tenker ikkje slik på det sjølv. Eg likar utfordringar, vil ikkje «gro fast» og trivst godt med å vere litt utanfor komfortsona. 

Vekker engasjement i folk

No har ho forlate huset i Halden, sagt farvel til kollegaene ved Høgskolen i Østfold og lagt 65 mil bak seg. I Volda har Hagen kjøpt seg hus, bikkja er innlosjert og etter kvart kjem også yngste dottera på 24 år. Verken avstanden til Volda eller det å flytte til ein fullstendig framand plass er noko som skremmer den nytilsette dekanen ved Høgskulen i Volda. Etter å ha vakse opp på Braskereidfoss i Våler kommune i Hedmark, har Hagen studert, budd og arbeidd i Elverum, Hurdal, Oslo, Edinburgh, London, Bourgogne i Frankrike, Oslo igjen, Halden og no Volda.

– Braskereidfoss er ein knøttliten plass med drygt 200 innbyggarar, så Volda vert ikkje for lite for meg. I motsetning til i store byar, har ein på mindre plassar ikkje eit storsamfunn som tar hand om alt. Det vekker engasjement i folk, skapar nærvær og ein må bidra, det likar eg. Ein annan ting med Volda er naturen. Eg ser fram til å kvar dag kunne sjå ut på vatn og fjell samstundes – det er ein draum eg har hatt, fortel Hagen.

Gjekk rett heim

Sjølv med desse kjærleiksorda til sunnmørsbygda, var grunnen til at ho no har spasert gjennom byggefelt i Volda til sin første arbeidsdag på høgskulen, heilt tilfeldig. Hagen var nøgd med jobben som førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold, der ho arbeidde med etter- og vidareutdanning av skuleleiarar, rektorar og lærarar i grunnskulen. Men på leit etter ein artikkel i fagbladet Utdanning, dukka det opp ein annonse.

– «Kreativ leiarstilling?» var tittelen på annonsen. Det gjekk rett heim hos meg. Wow! Volda, tenkte eg og måtte berre søke, forklarar Hagen på energisk vis.

Dei neste fire åra skal ho bruke ein god del av energien sin i leiarstillinga for dei tilsette og studentane ved Avdeling for kulturfag – som dekan. Ein tittel og rolle ho ikkje er framand med. I perioden 2013 – 2017 var Hagen dekan ved Avdeling for lærerutdanning ved Høgskolen i Østfold. Med leiarstillingar ved det som heitte Høgskolen i Oslo og Akershus i tillegg, har ho til saman ni års leiarerfaring frå sektoren. 

Lang og brei erfaring

For den tidlegare læraren er det berre ein stor inspirasjon at det no er kulturfag og ikkje lærarutdanning ho skal rå over. Fagområda design, kunst og handverk, drama og teater, idrett, kroppsøving og friluftsliv og musikk, som Avdeling for kulturfag består av, er langt i frå ukjende for Hagen.

– Eg hadde fleire av desse faga då eg sjølv tok lærarutdanning. I tillegg var desse faga underlagt avdelinga mi då eg var dekan i Østfold. Det er ei tverrfagleg og spennande avdeling eg tek over, og i meg får dei ei som har lang og brei erfaring med å drive fagleg og administrativ leiing på høgskulenivå, seier Hagen, som også ser fram til å samarbeide med Seanse – senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda.

Oppleve «det gode liv»

Ho har visjonar, men er forsiktig med å flagge område ho vil arbeide ekstra hardt for eller forandre i den nye jobben sin. Nokre få dagar i dekan-trøya er litt for lite til det. Men kor viktig rolle fagområda ved avdelinga spelar i samfunnet, til dømes i skulen, har ho tydlege tankar og meiningar om.

– I mine auge er det for stort fokus på norsk, engelsk og matematikk i den norske skulen, og det gjer dei praktisk-estetiske faga potensielt skadelidande i den pågåande fagfornyinga. Vi må sikre desse fagområda for den oppveksande generasjon og gi dei god undervisning og rettleiing. Dei må få oppleve at estetiske og kroppslege opplevingar er ein del av «det gode liv» og avgjerande for god livskvalitet. Difor er det viktig å arbeide strategisk for at ein i framtida også kan tilby desse faga ved Høgskulen i Volda. Og då må ein tenke langsiktig for å kunne tilby gode og attraktive utdanningar både på bachelor- og masternivå.

Spydspiss

Når Hagen først er godt i gang med å snakke fag, har ho ein kjepphest til ho vil dele. Men først legg ho tydeleg vekt på at ho enno ikkje kjenner forholda godt nok ved Høgskulen i Volda, og at ho snakkar generelt om sektoren.

– Eg er opptatt av at ein må prøve å unngå silotenking – at kvar eining, om det er avdeling eller institutt, skal arbeide for seg sjølv. Ein er avhengig av tverrfagleg samarbeid for å utnytte potensialet i ein slik organisasjon, og for å kunne utvikle seg og bli betre, meiner Hagen.

– Kva slags leiar ønsker du at tilsette og studentar skal oppleve deg som?

– På det personlege plan ønsker eg å bli oppfatta som ein føreseieleg leiar med godt humør som ser tilsette og studentar. I det faglege vil eg vere ein strategisk spydspiss inn i leiargruppa ved høgskulen, men ikkje berre det. Eg ønsker å ha eit bredt nedslagsfelt både regionalt og nasjonalt, og forsøke å samarbeide med og påverke politikarar og praksisfeltet. I tillegg er eg også internasjonalt retta, og ser kor viktig det er at studentar og tilsette både kan reise til og samarbeide med utanlandske samarbeidsinstitusjonar og nettverk.

Imponert av høgskulen

Det er også med ein form for respekt Hagen no går inn i ei viktig leiarrolle ved Høgskulen i Volda. 

– Eg er svært imponert over kva høgskulen her har fått til. Dei siste vekene og månadane har mange folk eg kjenner, som har studert i Volda, sagt til meg kor godt dei har trivest her. Omtalen har vore så god, eg har ikkje høyrt om ein einaste ein som ikkje har hatt det bra ved Høgskulen i Volda. Eit stort betre utgangspunkt for jobben og livet i Volda kan eg vel ikkje få, smiler Hagen.
 

Del på