X2 Festivalen går live

Tekst: Per Straume , Foto: X2 Festivalen

- Oppdatert

Hald for all del av nokre timar frå klokka 19.00 laurdag 18. april! X2 Festivalen stellar i stand ei livesending fullspekka med knallgodt innhald. Livekonsertar, interessante foredrag, filmpremiere, kåringar, quiz og premiar er noko av det som garantert vil gi god stemning i sofaen heime!  

Som så mange andre måtte også den populære ekstremsportfestivalen X2 Festivalen, som kvar vår går føre seg i Volda og bygdene rundt, avlyse årets arrangement. Men arrangørane, som i hovudsak består av studentar og tidlegare studentar, let seg ikkje stoppe og har snikra saman eit program fullt av underhaldning.

HER SER DU SENDINGA FRÅ KL. 19.00 LAURDAG 18. APRIL

I Propellhallen i Volda er det rigga eit studio der ein skal sy saman alt innhaldet til den 15. utgåva av X2.
Sjef i studio blir den alltid livlege og blide trønderen som studerer Teater og drama i Volda, Ole Henry Snildalsli. Mannen som sykla frå Trondheim til Bergen på sparkesykkel gler seg enormt til å møte dokke der heime, via chat eller kanskje ein innringar.

Ole Henry Snildalsli

Med Ole Henry i studio vil du få oppleve eit komplett program beståande av unike konkurransar, kåringar av tidenes "Dagens video" og X2-bilder, foredrag, intervju med gjestar i studio, konsertar og verdspremiere på Dokumentarfilmen om X2.

– No er det snart tid for X2 LIVE. Det blir fett og eg er så heldig som får leie dykk gjennom ein innhaldsrik og stemningsfylt kveld. Eg kjem til å vere maksimalt gira og forsøke å skape god stemning til alle dykk der heime. Vi snakkes der da, oppfordrar Snildalsli energisk.

Under her får du eit litt djupare innblikk i alt det du ikkje må gå glipp av under X2 Live.


Konsert med Jeki

Jeki

Stjerneskotet Jeki kjend frå Idol vil gi ei akustisk, avslappa og intim oppleving med stemma som gjev voldingane, og no heile Noreg, ståpels. Ho tek med seg Runar Finnøy på gitar og Elias Slettevoll på keys. Dei vil spele songar frå Idol, kjende songar frå radioen for tida og kanskje(!) songar ho har jobba med den siste tida. Jeki helsar, gler seg til å spele og håpar mange vil bli med å oppleve noko fint opp i alt.

 

Konsert med Rokky

Rokky

Rokky - artisten med islandske røter som har vakse opp i England og budd i både Tyskland og Frankrike, skal no spele live frå Spania til Noreg og X2 Live. Sjåarane vil få oppleve hennar kjærleik til fransk elektronisk musikk blanda med lidenskapeleg interesse for Berlins klubb- og technoscene.

– Eg gledde meg veldig til å danse i vakre Nordfjord under X2 Festivalen, men er no låst i Spania. Det beste eg kan gjere er å lage i stand eit show heime og håpe at dykk dansar heime i stovene dykkar. Å vere på scena og ta imot den energien frå publikum er så veldig annleis enn å opptre heime aleine. Men vi er alle i dette saman og eg håper du skrur opp høgtalarane, reiser deg og nyt musikken, seier Rokky.

 

I studio får programleiar Snildalsli besøk av tre gjestar som alle har heilt spesielle historier å formidle. Under her får du eit innblikk i kva reiser og opplevingar dei vil dele med deg.

Amputerte foten – går toppturar og flyg i fallskjerm

Rørstad

15. mai 2018 krasja voldingen Bernt Marius Rørstad i Loen med speedrider og knuste begge anklane. Høgrefoten måtte amputerast under kneet. Etter det har han jobba knallhardt for å kome tilbake til livet han levde før ulykka. Han konkurrerte i noregscupen i frikøyring, dreiv med fallskjermhopping, speedriding og paragliding. Etter mange nedturar og utruleg nok enda fleire oppturar, er han tilbake sterkare enn nokon gong. No dyrkar han skikøyring, og om sommaren hoppar han fallskjerm og går toppturar. Bernt Marius skal no fortelje si historie direkte for fyrste gong, og arrangørane gler oss til å dele dette med sjåarane.

Gründer i sunnmørsk natur

karbø

Helge Kvam Karbø – ein ivrig friluftsentusiast, naturguide og gründerspire - gjestar X2 Live. Han kjem frå sunnmørsbygda Hellesylt, og har hatt naturen som leikeplass heile livet. Etter nokre år på Voss med elvepadling og luftsport bar det heim til Sunnmøre og Volda for å utdanne seg til naturguide. Han driv i dag guide- og opplevingsfirmaet Fjord Nature, med kurs, turar og aktivitetar på heile Sunnmøre.

 

Utvist frå skulen – suksessrik eventyrar og fotograf

Grimsæth

Verdas yngste eskpedisjonsleiar rundt Spitsbergen og kåra til ein av Red Bull sine beste fotografar som 18-åring. Men det er slett ikkje heile historia om Mats Grimsæth. 

Kjensla av å ikkje passe inn, i tillegg til mykje mobbing var ein realitet i Mats sin oppvekst. Det å oppføre seg som ei pøbel for å passe inn prega oppveksten hans. Han trengte hjelp etter at begeret rant over og han slo ned ein medelev. Etter utvisning frå skulen og timar med psykolog, vart dette starten på noko positivt. Ny motivasjon og tru på seg sjølv, Mats gav gass mot den store draumen om å bli fotograf.

Han kjem i studio og tek deg med på ei reise med vakre bilder av storslått natur, korleis det har vore å flytte til Sunnmøre og om psykisk helse i kvardagen. I 2019 tok Grimsæth imot Tabuprisen for sin openheit om livsreisa si.

Quiz med premiar

Furset

Du får ikkje berre slappe av i sofaen heime. Quizmaster Silja Furset Furset studerer journalistikk ved Høgskulen i Volda. Laurdag skal ho stille på spørsmåla på ein litt anna måte enn ho gjer til sine intervjuobjekt som journalist. Furset stellar i stand ein forrykande godt og blanda kryssord-quiz. Her gjeld det å svare riktig på alle spørsmåla gjennom sendinga for å kome fram til løysingsordet!
Furset oppmodar om å bli med, premiane er særs fine og vil nok motivere alle og ein kvar til å gjer sitt ytste for å vinne. Furset studerer til vanleg journalistikk ved Høgskulen i Volda. 

 

Verdspremiere på X2-film

Sjåarane av X2 Live er så heldige å få med seg premiera på den flunkande nye dokumentarfilmen om X2. Regien har medieproduksjonsstudent Torstein Lund Sperstad hatt.

Tidenes "Dagens Video"

dagens video

Du bestemmer vinnaren! Åtte finalistar har blitt valt ut av ein jury, men det er di stemme som sjår som tel til slutt. Du får stemme ved hjelp av avstemmingsknapp som kjem opp under visninga på sendinga. Det vert utslagsrunde, ein mot ein, frå åttandedelsfinale til finale og vi står til slutt igjen med ein vinnar.

"Dagens Video" er ein tradisjon under festivalen, der filmane til kvar sport som har vore laga den samme dagen vert vist på kvelden. Alle videoane er laga fullt og heilt av X2 sine frivillige. Ein ekstra stor takk og hyllest til dykk, er på sin plass.

XCycle: Systove til X2 LIVE

systove

Den grøne festivalen X2 har alltid jobba ubevisst med gjenbruk av rekvisittar, møblar og mykje av det du ser på festivalen. Dei siste åra har dei aktivt og bevisst gått inn for å gjere gjenbruk og miljøprofil til noko dei vil vere med å gjere folk bevisst på. XCycle er eit resultat av nettopp dette, ein klesproduksjon i ekte X2-stil basert på gjenbruk av innsamla brukte kle.

På laurdag skal jentene bak årets merchproduksjon vise fram korleis denne prosessen går føre seg i si skreddarsydde systove. I tillegg vil dei jobbe med kreative løysingar og gje moglegheiter til å kjøpe unike og kule plagg som allereie er produsert.
 

Del på