10 % auke for Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Urbaniseringa går tilbake
- Den interessante tendensen i samordna opptak i 2008 er at høgskulane i Møre og Romsdal har god søkning, medan høgskular i storbyane og ved universiteta samla sett har ein nedgang. Slik sett er den sterke urbaniseringstendensen ein såg i 2007 tilsynelatande broten, men det står att å sjå kvar studentane tek til å studere, seier Amdam.

Andre høgskular i distrikta med framgang i talet på primærsøkjarar er Høgskolen i Ålesund (15 %), Høgskolen i Narvik (12,1 %), Høgskolen i Hedmark (12 %) og Høgskolen i Finmark (9,3 %).

 

Blant universiteta har Universitetet i Tromsø (5,4 %) og NTNU (4,2 %) ein klar framgang i talet på primærsøkjarar, mens Universitetene i Stavanger (8,1 %), Oslo (3,9 %) og Bergen (2,2 %) også i år har ein tilbakegang.

 

Profesjonsutdanningane og media
Det er stor interesse for dei store profesjonsutdanningane i Volda: allmennlærarutdanninga (fram 11,3 %), førskulelærarutdanninga på heiltid (fram 5 %), barnevern (fram 3,6 %), sosionom (fram 5 %) og planlegging og administrasjon (fram 20 %). Medieutdanningane våre held fram med å vere av dei mest attraktive studia i Noreg. Til journalistutdanninga åleine er der ein framgang på knappe 10%, til 232 søknadar.

- Den positive framgangen i søknaden til lærarutdanningane er viktig. Med 10 % framgang på allmennlærarutdanninga og snart 100 nye søknader til deltidsutdanning til førskulelærar svarar dette til behovet for kvalifisert arbeidskraft i kommunal sektor.

Kulturfag
- Bachelorgradsstudiet i media, IKT og design har ein framgang på 30 %. Studiet sorterer under Avdeling for kulturfag som også har god søknad til idrett og friluftsliv og musikkutdanningane.

Fagstudium
Høgskulen i Volda har eit breitt tilbod av årsstudium og spesielt historiefaget har ein stor auke i søkjartal (30 %) til 72 søkjarar. Vi finn også ein fin framgang for matkultur og helse (fram 64 %), og med omsyn til endringar av studieplanar er det også god søking til årsstudia i norsk og engelsk. 

Samla sett er vi godt nøgd med auken i søkjartal i samordna opptak. Vi gjer samstundes merksam på at svært mange av våre studentar blir tekne opp ved lokale opptak. Dette gjeld til dømes masterutdanningar, deltidsstudium, nettstudium m.m. – men også suppleringsopptak, slik at med unntak av studia med svært høge søkjartal er det framleis mogleg for velkvalifiserte søkjarar å studere i Volda, oppmodar Amdam.

Nasjonale trendar
Blant utdanningstypar med tilbakegang nasjonalt sett finn vi realfag (1,6  %), samt nokre av lærerutdanningane: allmennlærar (2,1 %), og faglærarutdanning (12,4 %).

Del på