Rektorval 2018
Johann Roppen og Odd Helge Mjellem Tonheim stiller til val som rektor og prorektor i perioden 2019-2023. Her svarar dei på spørsmål frå valstyret ved Høgskulen i Volda.
Johann Roppen og Odd Helge Mjellem Tonheim stiller til val som rektor og prorektor i perioden 2019-2023. Her svarar dei på spørsmål frå valstyret ved Høgskulen i Volda.
Korleis ser campus ut i 2023?
I 2023 vil høgskuleområdet ha utvikla seg mykje: Vi får det nye Mediehuset («Sivert Aarflot-huset»), nye studentheimar på Heltne, Strøm- huset er rehabilitert og vonleg ny idrettshall (“Volda Campus Sparebank1 Arena) med symjehall, og i Aasen-huset har det kome Kunnskapspark. Og i nabolaget står det nytt butikk, nærings- og bustadhus på Kiwi-tomta og Volda ungdomsskule er i ferd med å bli rehabilitert. Dei fleste av desse husa og prosjekta kjem.
Det krev at Høgskulen i Volda samarbeider godt med andre aktørar: Volda kommune, Statsbygg, Sivolda, Sunnmøre Kulturnæringshage, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Helse Møre og Romsdal, Volda campus arena - og andre aktørar. Parkering, kollektivtrafkk, sykkelparkering og gode gangvegar er berre nokre av utfordringane vi må løyse i lag.
Vi må ha som felles mål at all denne bygginga skal føre til at høgskulen, høgskuleområdet og Volda som studiestad vert betre og meir attraktivt. Og det skal vi få til.
Johann Roppen (til venstre) er professor i journalistikk. Han har vore rektor ved Høgskulen i Volda sidan 1. august 2015. Høgskulelektor Odd Helge Mjellem Tonheim underviser i matematikk og matematikkdidaktikk i grunnskulelærarutdanningane.
Kva blir viktige spørsmål framover?
Høgskulen og omverda:
• Nasjonalt: Sjølvstende og samarbeid: Fortsatt sjølvstende - men samarbeid med andre institusjonar der det er naturleg. Våre ønskjer for statsbudsjettet: 1) Midlar til mediehuset, 2) Stipendiatstillingar, 3) Studieplassar 4) Norsk ordbok. Vi vil også prioritere nynorsk/Norsk ordbok gjennom stipendiatstilling og nyrekruttering.
• Regionalt/lokalt: MR Fylke: Sterkare og breiare samarbeid med politikarar, fylkeskommunen, Helse Møre og Romsdal og andre regionale aktørar. Gjennomføre planlegging og starte opp Kunnskapspark i Volda på våre fagområde. Samarbeidsavtalar med kommunar/regionråd der det er naturleg.
• Campusutvikling 2.0 - utomhus: Starte, gjennomføre og bruke ny campusutviklingsplan for å utvikle høgskulen - i samarbeid med andre aktørar. Ferdsel/ trafkk: Bilparkering, gangvegar, kollektivtrafkk. Sikre areal for vidare utbygging. Vurdere nye hus: Idrettshall, nybygg for undervisning/forsking og for studentorganisasjonar.
Høgskulens eigenutvikling:
• Studiekvalitet, studentmiljø: Bruke data frå Studiebarometeret, SHOT og kvalitetssystemet vårt til å betre kvaliteten og Volda som studiestad.
• Kompetansebygging tilsette: Beholde og styrke kompetansebyggande tiltak: Professor/dosentstipend. FoU-stipend. Utvikle phd-prosjekt. Oppmuntre til meir oppdragsaktivitet.
• Campusutvikling 2.0 - innomhus: Arbeide for vidare utvikling av høgskuleområdet der målet er å utvikle høgskulens forsking og undervisning på best mogeleg måte. Medverknad frå tilsette og studentar er kritisk for å få det til. Aktuelle prosjekt og spørsmål: Bygging av mediehuset («Sivert Aarflot-huset»). Legge til rette for nye arbeidsformer for studentar. Sikre tilsette tenlege arbeidsplassar og legge til rette for nye arbeidsmåtar.
• Fagleg utvikling: Gjennomføre plan for pedagogisk basiskompetanse og meritering av undervisning: Heve kvaliteten på undervisninga, lage attraktive karrierevegar forundervisarar. GLU som master: GLU skal bli ei solid og særmerkt lærarutdanning - til beste for regionen og landet. Masterutdanningane: Betre gjennomføringsgraden - heve kvaliteten - få fleire heiltidsstudentar.