Allianse-høgskulane får tre månaders ”heimeeksamen”

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

9526ea74a5db9ff9d09890d4cfec38cc
Representantar for alliansehøgskulane samla til møte i Kunnskapsdepartementet: Frå venstre direktør Gerd Marit Langøy, Høgskolen i Molde, Hallgeir Gammelsæter, rektor Høgskolen i Molde, Geir Bergkastet, direktør Høgskolen på Lillehammer, Kathrine Skretting, rektor Høgskolen på Lillehammer og Jacob Kjøde jr, direktør ved Høgskulen i Volda.

Fristen frå Kunnskapsdepartementet er 15. januar 2015. Då arrangerer Kunnskapsdepartementet kontaktkonferanse for alle høgskular og universitet slik at representantar frå Høgskulane.

Statssekretær Haugstad gav i si "eksamensoppgåve» høgskulane også i oppdrag å vurdere korleis alliansealternativet stod seg i høve til andre alternativ - som fusjonar.

Haugstad varsla også skjerpa krav til masterutdanningar og doktorgradsutdanningar og bad om at utgreiinga i januar også tok opp dette i diskusjonen. Det er ikkje klart når desse nye krava vil kome.

Framlegg til ny rammeplan for femårig grunnskulelærarutdanning på masternivå (MAGLU) vil bli lagt fram 1. november 2015, men skal deretter på høyring. Det er berre Volda som har lærarutdanning av dei tre høgskulane.

KD vil om kort tid kome eit brev til institusjonane med ei bestilling frå departementet.

Møtet 23. oktober kom i stand på initiativ frå Kunnskapsdepartementet som ville vite meir om alliansekonstruksjonen. Det var statssekretær Bjørn Haugstad som leia møtet. Dei tre høgskulane deltok med rektor og direktør.

Frå høgskulane si side vart det lagt stor vekt på det regionale oppdraget. Høgskulane meinte det regionale oppdraget kunne kome i fare om høgskulane i framtida blir styrt frå ein institusjon i ein stor by og meinte at samfunnsoppdraget best kan løysast ved at dei held fram som sjølvstendige høgskular. Men for å løyse større felles oppgåver kan ein allianse vere ein god arbeidsmåte ved at ein deler på oppgåver når det gjeld internasjonalisering, forsking og marknadsføring. Dei tre høgskulane vil til dømes samarbeide om presentasjon på utdanningsmesser til våren. 

Haugstad stilte ei rekkje spørsmål til høgskulane om korleis dei oppfatta sin status - særleg når det gjeld profesjonsutdanningane sjukepleie/vernepleie i Molde og lærarutdanning i Volda. 

Mange alternativ for høgskulane

Av dei tre høgskulane er det Høgskolen i Molde som er tydelegast på at allianse er einaste alternativ i strukturdebatten pr i dag.        

  • Høgskulen i Molde: Styret har tilrådd å gå vidare med allianse som det mest aktuelle alternativet.
  • Høgskolen på Lillehammer: Styret har bede leiinga om å vere aktivt undersøkande mot alliansehøygkulane men ikkje minst mot Hedmark. Styret er også opptatt av om det er muleg å få til samarbeid med eit universitet.  
  • Høgskulen i Volda: Det førre styret foreslo ein fusjon av høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane og bad om at det vart innleia samtalar også med Høgskolen på Lillehammer etter at Høgskolen i Ålesund blei ein del av NTNU. Det nye styret får på bordet alternativet med allianse i lag med invitasjon om samarbeid frå Universitetet i Bergen. Samarbeid om profesjonshøgskule på Vestlandet kan også bli aktuelt sjølv om Volda ikkje er med i utgreiinga som dei tre høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund har starta. Styret i Sogn og Fjordane har også sagt at dei ønskjer samtalar med Høgskulen i Volda.

Deltakarar på møtet frå høgskulane var rektorar og direktørar frå alle dei tre høgskulane:

  • Molde: Rektor Hallgeir Gammelsæter og direktør Gerd Marit Langøy.
  • Lillehammer: Rektor Katrine Skretting og direktør Geir Bergkastet.
  • Volda: Rektor Johann Roppen og direktør Jacob Kjøde jr.

Fakta om dei tre alliansehøgskulane:

 Dei tre høgskulane har eit tyngdepunkt i retning av samfunnsfag, helse- og sosialfag og humaniora. Alle tre har ein historikk der DH-skular utgjorde ein viktig del av aktiviteten. Dei ligg i øvre sjikt av statlege høgskular når det gjeld FoU-produksjon og kompetanse i fagmiljøet med ca 0,5 FoU-poeng pr fagstilling dei siste åra. Til saman har dei tre høgskulane 5 phd-studium.

  • Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk. Ca 2.500 studentar. Doktorgrad i logistikk og i helse- og sosialfag (fellesgrad med Høgskulen i Volda).
  • Høgskolen på Lillehammer. Ca 4.500 studentar. 3 ph.d.-studium: "Barn og unges deltakelse og kompetanseutvikling (BUK)", Innovasjon i tjenesteyting – offentlig og privat sektor (INTOP), "Audiovisuelle medier - fellesgrad mellom NTNU og HiL (VISMED).
  • Høgskulen i Volda: Ca 4.000 studentar. Doktorgrad i helse- og sosialfag (fellesgrad med Høgskolen i Molde).

Her er Høgskolen på Lillehammers omtale av møtet med Kunnskapsdepartementet.

Del på