Arbeidet med sakshandsamarsystem i rute

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Allereie i oktober vil vi starte med kurs for ein del tilsette her ved Høgskulen, fortel Sundalsfoll. Ho er prosjektleiar for innføringa og tilrettelegginga av eit nytt system som skal ta føre seg all sakshandsaming ved Høgskulen gjennom nettet.

- Dette vil påverke kvardagen til alle tilsette – så difor vil vi satse sterkt på opplæring av alle brukarane.

Oppstart i januar
- Først vil vi lære opp ein del superbrukarar og leiarar, før vi set i gong med intern opplæring av hel tilsette i vekene 46, 49 og 50. Dette vil gå føre seg fram mot oppstart den 30. januar 2006 - då alle journalføringar og all sakshandsaminga vil gå føre seg med ePhorte.

Les meir om ePhorte på Ergo si heimeside

Dersom du har kommentarar eller spørsmål kan desse rettast til prosjektleiar Anne Helen Sundalsfoll

 

ephortegruppa520

Denne veka har It-kontoret og Arkivet fått på plass dei tekniske detaljane ved innføringa av eit nettbasert sakshandsamarsystem ved Høgskulen i Volda. F.v.: Anne Helen Sundalsfoll. Kjersti Raum Johansen har prosjektansvaret hjå Ergo. Jørn Harald Persson og Stig Flåskjer frå IT-kontoret. Hilde Fossheim og Turid Evensen frå Arkivet, og Rune Mo frå IT-kontoret.

 

Del på