Berte Kanutte-huset

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Mindretalet ynskte at nybygget skulle få namn etter faren til Kanutte, Sivert Aarflot, ein av dei fremste pionerane innanfor folkeopplysning, pressehistorie og allmugebibliotek i Norden.

Berte Kanutte Aarflot (1795-1859) er den fremste av dei haugianske forfattarane og ein av dei mest sungne av alle norske salmediktarar på 1800-talet før Landstad. Då Berte Kanutte døydde, skreiv Aftenbladet m. a: "Denne gudhengivne Kvinde har levet til Manges Opbyggelse. Hennes dybe, religiøse Sange er en Skat i hver Bondes Hus hele Trondhjems og Bergens Stift igjennom, er ogsaa vandret længre udover Landet og synges tillige i Nabolandene."

Voksterbakgrunnen hennar er på den eine sida det litterære miljø i barndomsheimen på Ekset i Volda, på den andre sida Hauge-rørsla. Foreldra hennar er Sivert Knutsson Aarflot (1759-1817) frå Ørsta og Gunhild Rasmusdotter f. Eikrem (1756-1836) i Volda, begge av bondefolk.

Far til Berte Kanutte, Sivert Knutson Aarflot, spelte ei stor rolle i ein rik vokster i opplysning og åndskultur i på Sunnmøre. Særleg prenteverket hans på Ekset og blada han gav ut der, løyste ei bølgje av litterær verksemd hjå allmugen i Volda og Ørsta.

Det litterære miljøet på Ekset og den religiøse påverknaden frå mora var viktige tildriv til dei første poetiske freistnadane til Berte Kanutte. Første samlinga hennar, En gudelskende Siels opbyggelige Sange, vart prenta på Ekset i 1820. På denne tid var Berte Kanutte blitt gift med Amund Knutsson Hovdenakk (1788-1860) i Ørsta og hadde teke over farsgarden Aarflot der.

Berte Kanutte vert i 1820-åra dregen inn i Hauge-rørsla, og heimen hennar blir no ein åndeleg midstad for haugianarane i bygda.

(basert på Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar (1977))

Del på