Biblioteket - flytting, stenging og opning

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Biblioteket ligg i dei to etasjane i rotunden, med inngangsdør frå hovudetasjen. Det har auditoria, ekspedisjonane og kafeteriaen til grannar.

Det ligg godt plassert i huset og på høgskuleområdet, godt synleg. Dette er vi svært godt fornøgde med. Vi trur også at det nye biblioteket, innafor dei rammene vi har, skal bli godt, praktisk og inspirerande. Dette har vi gledd oss til i lang tid.

Å flytte saman dei to bibliotek-avdelingane er ein stor operasjon; vi har planlagt det lenge. Biblioteket er ope til eksamen er over, 10. juni, og så planlegg vi å få unna flyttinga i løpet av sommaren. (Etter flyttinga skulle vi gjerne få avvikla litt ferie og.) Vi må halde stengt ei stund, og stoppe somme av tenestene våre i ein periode ut over det. Flyttinga fører med seg at:

- fjernlån inn er stengt 25. mai - 21. august
- biblioteket er stengt 10. juni - 17. august

Avisene stoppar 1. juni.

De vil kjenne att dei fleste av rutinane, om lokala er nye. Det vil vere terminalar i begge etasjane, oppstillinga vil vere etter Dewey-nummer, og folk må gjere seg kjende i romma. Folk må framleis hente bøkene i biblioteket, men vi skal skilte og vise til rettes og vere til hjelp så godt vi kan. Vi vil gjerne sjå folk i biblioteket!

Vi garanterer ikkje at alt er perfekt den dagen vi opnar, men dei fleste aktivitetane skal då vere i funksjon. Det kjem nok til å gå ei tid før all integreringa og oppryddinga er fullførd, men vi tar sikte på at biblioteket skal vere oversiktleg, forståeleg og innbydande frå første dagen.

Helsing

Biblioteket

Del på