Diskusjonen om høgskulesamarbeid har starta

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Harald Kjølås frå styret ved Høgskulen i Volda var ein av innleiarane på HVO-forum torsdag denne veka. Møtet skulle legge føringa for og markere starten på den interne diskusjonen om samarbeid mellom høgskulen i Møre og Romsdal.
- Utan glød og optimisme vert eit samarbeid vanskeleg, slår Kjølås fast.

Møt sekundærnæringane
- Høgskulen har ei viktig regional rolle, sa Kjølås. Han uttrykte skepsis til mange av haldningane som sentrale personar i høgskulemiljøet hadde, og karakteriserte haldningane som puslete i forhold til dei reelle utfordringane som høgre utdanning står føre i dag.
- Den regionale rolla til høgskulen må i større grad knytast til sekundærnæringane. Kjølås la vekt på at ei synleg høgskuleverksemd i større grad må knyte teorien ut i praksis. Slik kan høgskulen utvikle seg og gjere seg uunnverleg. Dersom vi spurde lokalmiljøet om kor stort saknet av ein høgskule ville vere dersom den forsvann, fryktar eg at skuffande få ville uttrykkje sakn i det heile, uttrykte han.

Regional tilknyting
Kjølås oppmoda om å fylje utviklinga i næringslivet. – Kven veit, om nok verksemder flaggar ut kan det hende det er estisk og latvisk høgskulen underviser om nokre år, kommenterte han med eit smil.
- Vi har nytt godt av spesialisering innan ein del felt her ved Høgskulen i Volda. Men no ser vi at til og med BI kan tilby eit emne innan økonomisk journalistikk. Dette tyder at vi stadig får hardare konkurranse, og må passe på å vere oppfinnsame nok til å halde søkjartala oppe, uttrykte han.

Gode innlegg i tam diskusjon
Forumet strekte seg inn i sin andre time då rektor Gunnar Stave opna for diskusjon i Volda.
Dei få som hadde funne vegen til Store auditorium, var påfallande tame. Jan Driveklepp kommenterte at han føler ei positiv haldning om samanslåing, men den er øyredøyvande dempa!
- Det spørs om vi ikkje må starte i fora lenger ned i systemet, meinte han.

Første innlegget i diskusjonen opna med å skryte av prosjektleiar i Høgskulesamarbeid Møre, Jan Driveklepp, si utgreiing av forprosjektet Høgskolesamarbeid Møre. Eit tillitsvekkjande dokument, var kommentaren frå førsteamanuensis Birger Løvlie ved Avdeling for samfunnsfag.

- Er eit godt fagleg samarbeid sjølvsagt i denne samanhangen, spurde Atle Døssland frå Avdelinga for humanistiske fag. Han peika på at ei konkretisering av løysingar på eit naturleg forskingssamarbeid var naudsynt for å ta stilling til denne sida av saka.
Vidare åtvara han mot ein modell der intern konkurranse om studentar ville føre til strid om midlar i eit stort samarbeid.

Fleire praktiske løysingar
Økonomisjef ved Høgskulen i Volda, Leiv Myklebust, var oppteken av nettverksstrukturen og praktiske omstende ved ei samanslåing. – Sjølv om samarbeidet kan fungere som eit nettverk, er eg nysgjerrig på kvar vevkjerringa vil sitje, sa han med eit smil.
Myklebust held fram med å peike på at dei økonomisk rammene for høgskular i dagens fordelingsmodell er opne for større einingar - midlane fell dit dei skal. Det andre momentet er sams gradprogram, som heller ikkje vil by på større utfordringar. I tillegg er høgskulebudsjetta på veg ut av det sentrale statsbudsjettet, noko som tyder at vi vil stå meir fritt og på eigen bein.
Myklebust såg føre seg eit alternativ med ein konsernmodell med sjølvstendige divisjonar, men understreka at fleire praktiske løysingar var moglege.
- Noko må vi gjere i alle høve, avslutta han. – Ein held ikkje fram på treski dersom konkurrentane går over til glasfiber.

Professor Roar Amdam ved Avdeling for samfunnsfag tok ordet med appell om at høgskulane no må satse på ein vinn/vinn-situasjon der den vidare profileringa burde seljast med engasjement. Han peika på den regionale forankringa, og det faktum at sjølv om ein ikkje alltid er representert i det private, er offentlege verksemder like viktig for høgskulen.

Kontorsjef ved Lærarutdanninga, Bjørn Krøvel førte vidare poenget frå utgreiinga om felles marknadsføring og rekruttering i eit høgskulesamarbeid. Utgreiinga peikar på at det å vise att i utdanningsmarknaden vil tene rekrutteringa til heile regionen. Krøvel spør likevel om det ikkje er nettopp fordi vi er små vi har hatt god rekruttering til emne vi er kjende for.
Vil vi vise att i ei større eining?
- Eg er nyfiken på om vi har tapt på å vere små, spør Krøvel og avsluttar med å fortelje korleis lærarutdanninga i Volda omstiller seg med nysatsingar som til dømes IKT for å halde ved like både rekrutteringa og arbeidsplassane.

- No oppfordrar vi til ein livlig debatt, konkluderte rektor Stave, og minna forsamlinga på at di fleire synspunkt som kjem på bordet utetter våren, di lettare vil det verte å ta stillig til om prosjektet har sin leverett.

Del på