- Eit budsjett verre enn frykta

Høgskulen i Volda har fått redusert basisløyvinga med 2,8 mill kr som følgjer av generell reduksjon i budsjetta for sektoren. - Dette budsjettet gir feil signal, seier rektor Gunnar Stave.

- Det er brei politisk semje om at det må satsast på høgre utdanning og forsking for å byggje Noreg som ein kunnskapsnasjon. Med dette budsjettet sakkar vi etter når det gjeld vedtekne mål for utdanning og forsking. Desse måla er også nedfelte i Soria Moria-erklæringa, seier Stave.

Den resultatbaserte utteljinga har gitt Høgskulen i Volda god utteling etter forskingsindikatorane og etter utvekslingsstudentar, men ein kutt i løyvinga som følgjer av produserte studiepoeng i 2005.

Totalt har vi fått eit budsjett med ein nominell auke på 3 mill kr. Pris- og lønnskompensasjonen er rekna til 7,6 mill kr, med andre ord har vi fått ein realnedgang på 4,6 mill kr.

Basisfinansiering

Den største skuffelsen i budsjettet var det store generelle kuttet i basisløyvinga på vel 2,8 mill kr.

Det er ikkje kutta i studieplassar i 2007, og ingen av høgskulane har fått kutt i basisløyvinga som konsekvens av dette. Vi har fått eit kutt på kr 930 000 som er ei vidareføring av reduserte studieplassar i perioden frå 2003 til 2006.

Resultatbasert finansiering

Universitets- og høgskulesektoren har fått resultatkopla finansieringsformer. Dette kan vere tøft, og mange høgskular har tidlegare fått reduksjonar i budsjetta fordi dei ikkje oppfyller krava til resultat.

Dette gjeld ikkje for Høgskulen i Volda. Vi hadde svært god produksjon av studiepoeng både i 2003 og i 2004. I 2005 ligg resultatet noko under 2004-resultatet, og vi har fått eit kutt i høve 2004 på kr 2 108 000. Vi merkar oss ut når det gjeld internasjonalisering, og vi har i 2007 fått ein auke på kr 482 000 på grunn av større aktivitet her. Vi får i år utteljing for 200 utvekslingsstudentar, ein auke på 86 i høve i fjor.

KD har frå og med budsjettet for 2006 endra den forskingsbaserte resultatdelen i finansieringa. Dei har under utvikling ein modell som skal premiere sektoren både for forsking, utvikling og formidling, og frå og med 2006 gjeld systemet felles for alle institusjonane, både høgskulane og universiteta. Systemet er ikkje ferdig utvikla, og for 2006 og 2007 er det nytta berre tre indikatorar for tildeling av forskingsbasert resultatløyving, Forskingsrådsmidlar, EU-midlar og publiseringspoeng. Det er først og fremst EU-midlane som har gitt oss auke i utteljinga for 2007 med samla kr 770 000.

Det er ikkje tildelt nye stipendiatstilingar til sektoren i 2007. I budsjettet ligg her midlar som heilårsverknad for den nye stillinga vi fekk i 2006. Vi har for tida 11 stipendiatstillingar fast finansierte med midlar frå KD.

2007

2006

Endring

Basisløyving

126 278

125 018

1 260

Desentraliserte tilbod, ekstramidlar

526

-526

Resultatbasert utdanningsløyving

68 042

67 118

924

Resultatbasert forskingsløyving

9 508

8 133

1 375

SUM

203 828

200 795

3 033

Vi fekk i 2006 ekstraløyving for desentralisert tilbod. Denne løyvinga ligg no i ramma.

Analyse av endringane:

Basisløyving

Ekstra-løyving i 2006

Resultat-basert utdannings-løyving

Resultat-basert forskings-løyving

SUM

Pris- og lønskompensasjon

4751

2550

309

7610

Heilårsverknad inndraging studieplassar

-930

-930

Generell inndraging i basisløyvinga

-2830

-2830

Endring i aktivitet studiepoeng

-2108

-2108

Endring i aktivitet utvekslingsstudentar

482

482

Ekstra til fleksible utdanningstilbod

269

-526

-257

Endring aktivitet på forskingsindikatorane

770

770

Heilårsverknad ny stipendiatstilling i 2006

296

296

SUM

1260

-526

924

1375

3033

Del på: