Elektronisk sakshandsaming ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Dette er ein milepæl i sakshandsamings- og arkivarbeidet for heile høgskulesektoren, seier Sundalsfoll.

Arbeidsgruppa har samarbeidd med ErgoGroup og UNINETT FAS om eit verkty som fulldigitaliserar sakshandsaminga for både Arkivet og alle sakshandsamarane i ein organisasjon. Verktyet heiter EPhorte, og er allereie teke i bruk av Fylkesmannsembetet og Riksarkivet.

Høgskulen i Volda med i første utfasingsgruppe
Høgskulen i Volda er med i første utfasingsgruppe, og vil 15. august starte med førehandsanalyse, utgreiing av rutinar og workshop. Frå 1. oktober vil ein starte med opplæring og kursing av tilsette ved heile høgskulen, og driftsstart er rekna til 1. februar 2006.

- Frå 1. februar 2006 vil alle tilsette kunne nytte det heildigitaliserte sakshandsamingsverktyet, integrert med e-post og Innsida, fortel Sundalsfoll.
 

Del på