Elevar frå vidaregåande besøkte Høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

heroy_vg_max_1
 

Elevane frå Herøy vg. skule fekk seg ein matbit i kantina før dei gjekk ei runde innom avdelingane ved Høgskulen i Volda

- Spesielt kunst og handverksutdanninga var interessant, i tillegg til språk og mediefaga.

- Det er ikkje enkelt for avgangselevane på vidaregåande å bestemme seg for kva retning dei skal velje. Lærar Mattis Nango frå Herøy vg. skule følgde elevane rundt saman med Torill Engeseth frå Informasjonskontoret ved Høgskulen i Volda.

Studentlivet
- Vi besøkte Aasentunet på veg hit til Høgskulen. Etter ein matbit i kantina har mellom anna elevar frå teikning og formgjeving ønske om å sjå innom kunst- og handverk ved lærarutdanninga, fortalde Nango.

- Det er kjekt å korleis studentane har det på ein høgskule, kommenterte elevane.

Valet
Livet på lesesalen, i biblioteket og i forelesningssalane er annleis enn det ein er van med frå vidaregåande. 15. april er det søknadsfrist for opptak ved universitet og høgskular gjennom Samordna opptak.

- Eg lurer på om eg skal jobbe i eit år før eg held fram med studiar, men eg er ikkje sikker, så før søknadsfristen må eg ta eit val, kommenterte ein av elevane frå allmennfagleg studieretning.

 

Del på