Elevar ved Volda vidaregåande skule vitjar HVO
Maria Vassbotn og Katrine Nybø går på Volda vidaregåande skule. Måndag 1. mars besøkte dei og resten av klassen Høgskulen i Volda for å bli orienterte om studietilboda ved høgskulen. Dei to andreklassingane har ikkje heilt bestemt seg for kva dei vil studere enno, men Maria seier ho helst vil studere journalistikk. Katrine er mest interessert i utdanningar innan helsesektoren.
- Informasjonskontoret ønskjer å vere med på å styrke kontakten mellom Høgskulen i Volda og elevar og lærarar i den vidaregåande skulen, folkehøgskular og andre skular, nærings- og samfunnsliv. Ein del av dette arbeidet er å invitere til slike orienteringar og omvisingar på HVO, seier informasjonsansvarleg Per Arne Brandal.
Torill Engeseth orienterer.
For andreklassingane ved Volda vidaregåande skule, var programmet slik at dei først fekk ei generell orientering om studietilboda ved høgskulen. Dette vart supplert av orienteringar ved representantar frå Historisk institutt,Engelsk institutt og Institutt for sosialfag.
Instituttleiar Arnljot Løseth.
Etter lunsj i kantina, vart det omvisningar og fleire orienteringar på Avdeling for lærarutdanning.
Maria Vassbotn og Katrine Nybø.
Oddhild Kalvatn og Kathrine Salhus syntes at opplegget for dagen var veldig bra, og at det er viktig å få sjå korleis det er her. Kathrine kan godt tenke seg å studere musikk her ved HVO. Oddhild har lyst til å studere jurisdiske fag. Kanskje etter eit år med språk i Volda.
Kathrine Salhus og Oddhild Kalvatn.
Lunsj i kantina.