Feira med festskrift

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dr. polit. Kjell-Arild Madssen vart tilsett ved Volda lærarhøgskule i 1971. I 1997 vart han dekanus ved Avdeling for humanistiske fag. Han har ein brei fagleg bakgrunn: Litterære emne, språklege emne, lese- og skriveopplæring, fagdidaktikk og faghistorie.

 

Rektor Gunnar Stave overrekte ei gåve på vegner av Høgskulen i Volda. I talen rosa han Madssen for hans store innsats for norskfaget og lærarutdanninga.

 

- Kjell-Arild har ein enorm arbeidskapasitet og har gjort ein svært god jobb som fagleg leiar ved høgskulen. Han har vore ein god kollega og eg set stor pris på hans pragmatiske og løysingsorienterte veremåte, sa rektor Stave mellom anna.

 

Festskriftet

Tekstane i festskriftet speglar fagleg breidde og dokumenterer det store faglege nettverket hans. Kjell-Arild er også friluftsmann, og han spring. Fleire av dei meir personlege tekstane tek utgangspunkt i det.

madssenetco-melding
Rektor Gunnar Stave, dekanus Kjell-Arild Madssen, Hilde Osdal, Pål Hamre og Ove Langlo.
Odd Monsson var ikkje til stades då biletet vart teke.

 

- Boka femner både fag og fagnad, sakprosa og kuriosa, seier redaktørane Pål Hamre, Ove Langlo, Odd Monsson og Hilde Osdal som alle er tilsette ved Nordisk institutt ved Avdeling for humanistsike fag.

fagogfagnad-melding

 

Boka er til sals ved Avdeling for humanistiske fag.

Kontakt Pål Hamre, tlf: 70075269. E-post: phamre@hivolda.no

Del på