Fem studentar om oppstartsveka
Førstelinjetenesta sin utsendte, Brigt Ove Vaage, tok seg ein tur rundt i kantina og spurte fem tilfeldig utvalde studentar om kva dei synest om oppstartsveka. Spørsmåla var: Korleis synest du oppstartsveka har vore i år? Har du negative kommentarar? Her finn du svara.
Lene Austnes (21). Skuleretta samfunnsfag.
Veldig bra oppstartsveke. Eg vart kjend med mange. Fadderane fortener ros. Informasjonsflyten var bra. Fekk vite det eg trengde.
Live Slettebø (21). Media og informasjon.
Likte oppstartsveka godt, mykje som har skjedd. Følte informasjonsflyten fungerte. Kjem ikkje på noko negativt.
Annette Karlsen (24) .Media og informasjon. 4 året som student.
Likte oppstarten, men deltok ikkje på fadderarrangement. Informasjonen har vore betre i år enn åra før. Har ingen negativ komentar og er ”blid og nøgd”
Jørund Moltubakk (22).Bachelor i musikk. 3 året som student.
Bra oppstart. Knalltøff konsert med Kaizers. Føler at informasjonen har fungert til trass i at han er svært gløymsk. Har ikkje hatt negative opplevingar.
Amina Loukili (24). NUS.
Likte oppstarten godt. Svært mykje som skjer, nesten litt mykje. Veldig god sosialisering for utanlandsstudentane. Kjekke lærarar som gir god informasjon. Litt kjedelig at alle plakatar og studentorganisasjonane sin info berre er på norsk.