Fleire jenter søkjer til Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Talet på studentar i fylket har auka sidan 1997, men talet på mannlege studentar har vore uendra. I perioden frå 1997 til 2002 har talet på studentar i Møre og Romsdal auka med 800, men berre tjue av desse er menn, forklarar rektor Stave til nrk.no.


Auke i sosialfag og lærarstudium
Musikk, kroppsøving, matematikk og praktisk-pedagogisk utdanning er nokre av lærarstudia som har vist sin suksess i år. I tillegg har dei humanistiske studia, norsk og historie, hatt stor pågang.

1057651336

- Vi har registrerer ein trend med at søkjartala ved mellom anna norsk og historie gjekk ned i 1999 og 2000, kommenterer kontorsjef ved Avdeling for humanistiske fag, Jon-Arild Kvamme Sollid.
- Mange nye fag, som til dømes IT, fekk ein kraftig auke i dette tidsromet, forklarar han. No vil søkjarane attende til dei tradisjonelle, humanistiske faga.

- Utdannings- og forskingsdepartementet har også gått ut med ei eiga prioritering av matematikk- og norskopplæring i skulen. Med den nye grunnskulemodellen må lærarar auke sin kompetanse i desse faga, noko som forklarar noko av auken, seier Kvamme Sollid.

 

Stor auke i nytt studium i Helsepedagogikk

Fleire søkjer seg til sosialfaga ved Høgskulen i Volda. Mellom desse faga er studiet Helsepedagogikk og pasientinformasjon, som gir studentane eit godt grunnlag til å møte dei krava og ønska om meir og betre informasjon og opplæring som vil kome frå brukarar av helsetenester i åra framover.
- Vi har verkeleg treft spikaren med dette nye studiet, forklarar direktør Jacob Kjøde jr.
- Allereie etter ein månad såg vi gode søkjarresultat. Direktøren forklarar suksessen med at Høgskulen i Volda såg eit behov, og var tidleg ute.
1057653493

Lovfesta pasientrettar
Stortinget sitt bidrag til å styrkje brukarane av helsetenester var å vedta ei lov om pasientrettar og ny lov om spesialisthelsetenesta. Pasientane har no fått rett til fritt sjukehusval og rett til medverknad og informert samtykke i all behandling. I den nye lova om spesialisthelsetenesta er opplæring av pasientar og pårørande teke med som ein integrert og nødvendig del av sjukehusa sine oppgåver saman med behandling, forsking og utdanning.
Stortinget meinte at det særleg av omsyn til dei kronisk sjuke er viktig at opplæring er ei lovpålagd oppgåve for sjukehusa.
”Like viktig som god medisinsk behandling er derfor god opplæring og meistring av sykdommen. Mangel på opplæring er like alvorlig som mangel på medisiner og gode behandlingsformer. Opplæring er en forutsetning for mestring av livet som kronisk syk og for å hindre forverring av sjukdommen og utvikling av alvorlige komplikasjoner.” (Ot.prp. nr. 10 1998 - 99.) Men det er ikkje berre av omsyn til kronikarane at opplæring og informasjon er blitt sentralt i dagens helsevesen. Det har også utvikla seg ei meir generell haldning om at dersom behandlinga skal bli vellukka, må pasienten delta i heile behandlingsforløpet. Eit viktig vilkår for å delta er at pasienten har kunnskapar og er informert. På denne måten kan vi hevde at pasientopplæring og pasientinformasjon kan vere ein garanti for å sikre kvaliteten i helsetenesta.

I framtida vil helsevesenet difor stille andre og større krav til helsearbeidarane sin kompetanse. Det er ikkje lenger nok med medisinsk-faglege kunnskapar. Dersom pasienten si deltaking i behandlingsprosessen skal bli reell, må helsearbeidaren også ha pedagogisk kompetanse. Han må kunne formidle komplisert fagkunnskap på ein forståeleg måte. Han skal også motivere pasienten t.d. til å endre levevanar og meistre eigen sjukdom. I tillegg skal han formidle informasjon mellom ulike behandlingsnivå.

Del på