Framlegg til statsbudsjett for 2004

Tekst: Webmaster Volda

Universitets- og høgskulesektoren som heilskap kjem brukbart ut i framlegget til statsbudsjett for 2004. Dei samla løyvingane til kvalitetsreforma er på 1144 millionar kroner. Det er ein auke på 517 millionar frå 2003.

Reelt tap på 3.5 mill. i 2004

For Høgskulen i Volda er situasjonen noko annleis enn for sektoren som heilskap. Vi kjem noko dårlegare ut. Grunnen til det er den nye finansieringsordninga som gir utteljing for produksjon av studiepoeng. Studiepoeng produsert i 2002 blir betalt ut i 2004 – altså to år på etterskot.

Høgskulen i Volda hadde eit svakt opptak i 2001. Dette førte til låg produksjon av studiepoeng i 2002. Følgjene er at vi tapar om lag 3.5 million kroner i 2004. Vi blir og trekt knapt kr 700.000 for reduksjon i talet på studieplassar i førskulelærarutdanninga. Vi kjem likevel ut med ein nominell auke på 3.5 millionar kroner slik at budsjettet vårt blir på 178.5 millionar kroner. Det er lagt inn ein auke i midlar til kvalitetsreforma på 4.8 millionar kroner.

Avdelingane kjem ulikt ut i 2004. Nokre vil få meir og nokre mindre. Særleg vil Avdeling for lærarutdanning merke ein nedgang i disponible midlar. Nøyaktig kor mykje er for tidleg å seie enno. Men HVO som heilskap må bu seg på eit år med knappe midlar og det må sterkare økonomisk styring til.

Jacob Kjøde jr.

Høgskuledirektør

Del på