HMS-dag: Høgskulen tek opp omstilling
- Høgskulen har dette året vore gjennom ein omfattande omstillingsprosess. Dette vert temaet for eit dagsseminar torsdag 8. nov, der vi set Helse, miljø og tryggleik (HMS)på dagsorden, melder Rune Mo, hovudvernombod ved Høgskulen i Volda. Vi får besøk av mellom anna universitetslektor Gunhild Zeiner Ingstad frå NTNU, og ho skal halde innlegget "Kvifor er omstillingsprosessar så skumle?”
- Høgskulen har som regel hatt ein HMS-dag i året. Ulike tema har vore tekne opp, men i år er det omstillingsprosessar som klart skiljer seg ut.
- Frå 1. august la vi ned fire avdelingar, flytta folk rundt og plasserte dei i fire nye avdelingar. Dette reiser ein del problemstillingar og spørsmål som går rett inn i studentar og tilsette sitt ve og vel, seier Rune Mo.
HMS-arbeidet er viktig for studentane
- Studentar er spesielt oppmoda om å ta del i seminaret, i tillegg til folk utanfor høgskulemiljøet. Ofte har tilsette vore i fleirtal ved HMS-dagen, men det er like viktig at studentar og andre tek del.
- HMS-arbeidet inkluderer spesielt studentane ved ein høgskule, understrekar Mo.
Torsdag 8. november:
1. økt: Aasen-auditoriet kl 09.00-11.15
2. økt: Vesle Auditorium, Berte Kanutte-huset kl 12.00-14.00
TEMA: Etter omorganiseringa – Korleis kan vi få ein best mogleg omstillingsprosess?
Program:
Seminarleiar: Rune Mo
1. økt
Kl09.00 – 09.15Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.ønskjer velkommen.
Kl 09.15 – 10.00 ”Hvorfor er omstillingsprosesser så skumle?”
Universitetslektor Gunhild Zeiner Ingstad
Kl. 10.00 – 10.15Pause
Kl 10.15 – 11.00”En sunn omstillingsprosess, kan den oppnås?”
Vitskapleg assistent Live Bakke Finne
Gunhild Zeiner Ingstad og Live Bakke Finne er tilsett ved
Enhet for helse-, organisasjons- og kommunikasjonspsykologi, Psykologisk institutt, NTNU.
Kl. 11.00 – 11.15Spørsmålsrunde
Kl. 11.15 – 12.00Lunsj i kantina i Berte Kanutte-huset
2. økt
Kl. 12.00 – 12.15Klargjere for gruppeoppgåver
Kl 12.15 – 12.45 Gruppeoppgåver
Kl. 12.45- 13.00Utdeling av HMS-prisen 2007
Pause
Kl. 13.15 -14.00Gruppeoppgåvene