HMS-dag tysdag 18. november
Arbeidsmiljøutvalet (AMU) inviterer alle tilsette ved HVO til HMS-dag tysdag 18. november kl 09.00 i Strøm-auditoriet. - Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er eit lovpålagt satsingsområde innafor norsk arbeidsliv. Enkelt sagt skal arbeidsgjevaren syte for at omsynet til arbeidstakarane si helse, velferd og sikkerheit blir tatt i vare, seier hovudverneombod Rune Mo.
Tema
Hovudtemaet for HMS-dagen blir inkluderande arbeidsliv. Høgskulen i Volda underteikna avtale om eit meir inkluderande arbeidsliv vinteren 2002. HVO sin kontaktperson ved Trygdeetatens arbeidslivssenter har orientert om IA-avtalen på personal-/informasjonsmøte ved avdelingane, og det er utarbeidd rutinar og retningslinjer for IA-arbeidet ved høgskulen. Vi trur likevel det er behov for å gjere avtalen betre kjend blant dei tilsette.
Som i det generelle HMS-arbeidet inneber IA-avtalen både rettar og plikter for så vel arbeidsgjevaren som den enkelte arbeidstakar.
- AMU vonar at flest mogleg kan samlast tysdag 18. november rundt eit tema som kvar enkelt tilsett treng å vite noko om. Vi legg opp til å arrangere ein slik HMS-dag kvart år frametter, seier Mo.
Pris
- For første gong i år vil Arbeidsmiljøutvalet ved HVO dele ut ein pris til enkeltpersonar eller einingar som har arbeidd særleg godt med å få til eit godt arbeidsmiljø, seier hovudverneombod Rune Mo.
Program
09.00: Opning ved høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.
09.10 – 09.45: Rådgjevar Olav Elling Gausdal, Trygdeetatens arbeidslivssenter: Kva inneber det å vere IA-bedrift ?
09.45 – 09.50: Utdeling av HMS-prisen 2003
09.50 – 10.00: Pause
10.00 – 10.30: Bedriftslege Øystein Habostad, HMS-Consult Ørsta Volda AS: Bedriftshelsetenesta si rolle i IA-arbeidet
10.30 – 11.00: Trygdesjef Gunnar Iversen, Volda trygdekontor: Trygdekontoret si rolle i IA-arbeidet
11.00 - 11.30: IA-koordinator Kåre Erlandsen, Stokke Gruppen AS: Erfaringar frå IA-arbeid i ei bedrift
11.30 – 11.45: Spørsmålsrunde
11.45 – 13.00: Lunsj i kantina i Berte Kanutte-huset
13.00 – 14.15: Tankar om det psykososiale arbeidsmiljøet ved rådgjevar Elly Kirkeslett, Trygdeetatens arbeidslivssenter
Tilpassing av kontor/arbeidsplass ved bedriftsfysioterapeut Manfred Langer, HMS-Consult Ørsta Volda AS og overingeniør Leif Roar Strand, Drift HVO
Interninformasjon som del av IA-avtalen ved personalsjef Sverre Tverberg
Kl 14.15 Avslutning ved personalsjef Sverre Tverberg