Høgskulen får nye nettsider

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Design, grafikk, fargar og skrifttypar vert lette, lyse og oversiktlege. Vi har rydda store delar av informasjonsmengda. For å luke vekk innhald frå hovudsida som eigentleg er meint for innvigde brukarar, opprettar vi eigne portalar for studentar og tilsette.

– Vi har hatt undersøkingar mellom studentar, elevar og andre målgrupper for å koma fram til best mogleg design, struktur og navigasjon. I tillegg kjem vi til evaluere dei nye nettsidene grundig for å justere detaljar undervegs.

a8ceda6b40eba1508a1eebe0703c63b7e83c6aa2

Spreke fargar og unge målgrupper

– Vevstaden skal også ha same grafiske profil som anna studieinformasjon, kunngjeringar, trykksaker og liknande som vert utgjeve ved høgskulen i 2009, forklarar Kristian Fuglseth ved Informasjonskontoret.

– Utan å røpe for mykje kan eg seie at årets fargar er svært spreke, og er utforma med tanke på unge menneske. Dei vitjar veven vår ofte, og er den viktigaste målgruppa vår, forklarar Fuglseth.

Lett å finne fram

www.hivolda.no har mellom 26 000 og 30 000 besøkande per veke gjennom heile året. Om lag 9 000 av desse er unike brukarar.

­– Med over tusen nye brukarar på vevstaden kvar dag er det viktig at innhaldet er organisert slik at alle finn fram, seier Fuglseth. Innhaldet skal også vere lett tilgjengeleg.

Tilgjenge og universell utforming

 I 2004 vart vevstaden kåra til ein av dei beste offentlege nettstadane i landet i www.Noreg.no si undersøking. Siste åra har vevstaden falle til midt på treet. Målet er at vi skal til topps i rangeringa i 2009.

– Mykje av grunnlaget for www.Noreg.no si rangering av offentlege nettstadar ligg i bruken av internasjonale standardar, forklarar Eirik Gilje.

– I tillegg er universell utforming viktig for tilgjengeleg innhald og tenester på veven. Www.universell.no definerer universell utforming som utforming av produkt og omgjevnader på ein slik måte at dei kan nyttast av alle menneske i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing og ei særskild utforming.

– Dette vert også viktig for vevstaden vår, understrekar Gilje.

– For at www.hivolda.no skal møte krava til høve universell utforming fyl vi retningslinjene som ligg føre.

Del på