Høgskulen sin mann tek den store Styrkeprøven

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

IMG_3236_520

Jørn Harald Persson (39) frå IT-kontoret ved Høgskulen i Volda syklar Trondheim - Oslo.
 

Saman med Kjetil Eiksund, musikklærar ved Volda vg. skule, tek han fatt på den strabasiøse ferda laurdag morgon.

- Dei første femten mila blir tøffe oppover mot Hjerkin, før vi farta aukar nedover Gudbrandsdalen mot Otta.
- Sjølv då er vi berre halvvegs, smiler innflyttaren frå Narvik, og seier han har hørt at dei siste 27 mila er vel så tøffe.

- Det blir både meir fysisk og mentalt slitsamt enn noko eg har prøvd før, men eg gledar meg!

Inspirert av ”Sykle til jobben”-aksjonen
- Eg fekk sykkeldilla for eit par år sidan, mellom anna gjennom ”Sykle til jobben”-aksjonen, og som godt vaksne menn flest, måtte eg sjølvsagt ut og handle flott og fint utstyr.
- Kona lo då eg stilt opp i full mundur med trang sykkelbukse og ny rasersykkel.
- Ein kan kalle det ei ”kontrollert” midtlivskrise, ler han.

- Eg har plaga vitet av Charles Stevens på sykkelverkstaden til G-sport her i Volda, og fått mykje hjelp med sykkelutstyret, og dei har vore svært hjelpsame i førebuingane.
- I vinterhalvåret har spinning på Trening Volda vore viktig, og der har eg faktisk fjerna 15 kg som eg ikkje treng å ta med til Oslo, smiler han nøgd.

Mykje førebuing

Utover våren har eg tilbakelagd 250 mil på sykkelen i førebuingane, men det er også mykje å tenke på i høve det praktiske med ein så lang tur. Vi har med oss Olav Trandal og Erlend Krumsvik i følgjebil, og dei får ansvar for mat, drikke, klede og reservedelar undervegs.

 

- Dersom eg når hovudmålet mitt på 30 timar, er eg nøgd, men vil jo gjerne sitte kortast mogleg tid på det harde setet, så eg satsar på 24 timars ”skjema” - så får eg sjå om det trengst justeringar undervegs. Eg håpar berre eg er i stand til å gå på jobb veka etterpå, ler den sjølvironiske syklisten.

bullet_2 Les meir om den store Styrkeprøven

Del på