Høgskulen i Volda medlem i UH-nett Vest
Høgskulen i Volda går inn som medlem i UH-nett Vest. Nettverket omfattar no fem institusjonar: Høgskolen i Stord Haugesund, Universitetet i Bergen, Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda. Måndag 23. vitjar koordinator Lene Bakke frå UH-nett Vest høgskulen for å orientere og avklare dei formelle sidene ved at HVO no er ein del av nettverket
Det var i møte måndag 16. mars styret i UH-nett Vest å godkjende søknaden frå Høgskulen i Volda om medlemsskap i UH-nett Vest.
POSITIVE: Styret i UH-nett Vest ønskjer Høgskulen i Volda velkomen i UH-nett Vest.
- Me er samde i hovudutfordingane, ambisjonane og målsetjingane for nettverket - og kva nettverket skal omfatte. Me er budde på å delta aktivt i utviklinga, og sluttar oss til handlingsplan og arbeidsopplegg, skriv Volda i søknaden sin.
Høgskulen i Volda har om lag 3100 studentar på heil- og deltid, 15 bachelor- og profesjonsprogram og fem masterprogram.
Orientering på høgskulen måndag 23. mars
Koordinator Lene Bakke frå UH-nett Vest vil orientere tilsette og andre interesserte i vesle aud. i BK-huset kl 13.00.