Høgskulesamarbeid Møre i utgreiingsfasen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- På eit felles seminar i Molde sist veke var styra for høgskulane og styringsgruppa innom mange tema og nyansar i ein debatten med stor spennvidde, fortel prosjektleiar Jan Driveklepp.

Vedtaket
Styringsgruppa for høgskulesamarbeidet gjorde eit vedtak i desember 2002 om at det vert etablert eit hovudprosjekt der målet er ein fusjon av dei tre høgskulane i fylket, basert på tre likeverdige studiestader. Hovudprosjektet skal vere avslutta i 2004, med sikte på iverksetjing frå 2005. Styringsgruppa ynskjer i tillegg at Høgskulen i Sogn og Fjordane vert invitert med i hovudprosjektet.
No skal dei ulike høgskulane handsame forprosjektsaka og utgreiinga innan utgangen av juni 2003.

Endring i utdanningssituasjonen
Då dei styra frå høgskulane i Volda, Ålesund og Molde kom saman med styringsgruppa i Molde førre veke, var det semje om at det skjer store endringar i høgre utdanning for tida. Truleg vil det skje like store endringar i komande år, som det har vore siste 50 åra.

Forskar Svein Kyvik, frå Norsk institutt for studier av forskning og utdanning, fortalde om utviklinga i universitets- og høgskulesektoren i internasjonalt, nasjonalt og regionalt perspektiv.
Den nye delegerte fridomen som høgskulane har fått må forvaltast med ansvar både av studentar og tilsette. Tendensen til større einingar og samarbeid er svært synleg både i Noreg og andre land.

Debatt med spennvidde
I følgje prosjektplanen har måla for auka samarbeid og fusjon vore konsentrerte om å møte dei utfordringane i utdanningssituasjonen ein står framfor.
Først og fremst må ein styrke fagområda i fylket. Profesjonalisering av kvalitet og nivå vil hjelpe til eit framtidig konkurransedyktig ”Møreuniversitet.” Auka samarbeid mellom næringsliv og høgskule er sentralt, saman med målet om å styrke regionen ved meir samordning av høgare utdanning.

Debatten ved seminaret i Molde kom det fram gode argument både for og mot.
Av argument med stor vilje til samanslåing var kampen for å bli ein tung aktør innanfor høgare utdanning lagt vekt på. I tillegg argumentere fleire for ein visjon er regionen i seg sjølv er ei eining som må byggast. Dette vil danne motvekt til samanslåing og nivåheving i andre regionar. Ein ser at bergensområdet, høgskulane i Stavanger og Agder, den omsnakka Innlandshøgskolen/-universitetet, og liknande visjonar rundt Trondheimsområdet er einingar som ein kan verte nøydd til å konkurrere mot.
Vidare er argument for å bygge opp fleksible studietilbod, samarbeid om bachelor og masterutdanningar, og betre samarbeid om livslang læring sentrale for forkjemparane. Samarbeid mellom næringslivet og høgskulane kjem stadig opp, saman med mobilitetsfremjing for både studentar og tilsette. Auka internasjonalisering er også eit stikkord som stadig vert meir aktuelt, der eit etablert merkevareomgrep for høgare utdanning i Møre og Romsdal vert sett på som nøkkelen til å vise att i storsamfunnet. Ei kompetanseheving i regionen som verkar som ein rekrutteringsmagnet kan få ein meirverdi i konkurransen om studentane.
Ein finn også at eit slikt prosjekt kan lette samarbeidet mellom høgskulane og Møreforsking.

Sunn skepsis
På den andre sida vart det derimot lagt fram at det ikkje var mykje å vinne på auka fagleg samarbeid på grunn av komplementaritet i dei ulike faga. Fleire såg det for tidleg å ta stilling til fusjon no, i tillegg til at ein ser faren for at ein fusjon kan redusere det faglege samarbeidet som allereie ligg føre. Dessutan meinte mange at samarbeid utanfor regionane er like viktig som samarbeid i fylket.
Når det gjeld studentar og tilsette, vart det også peika på at det er uheldig å måtte flytte mellom dei ulike institusjonane dersom ein vil utnytte tilboda til det fulle. Faren for at dei faglege spissane blir prioritert ned ser også reell ut for mange.
Den omtala internasjonaliseringa argumenterte dessutan heller for å tenkje meir nasjonalt og internasjonalt i staden for eit puslete, regionalt samarbeid.

Leiaren for diskusjonen som avslutta seminaret i Molde, førsteamanuensis Hallgeir Gammelsæter, oppsummerte debatten. Han la vekt på det er det strategiske aspektet, det å bli synleg i marknaden, felles profilering, merkevarebygging og auka konkurranseevne som er viktige argument for samanslåing. Han fann effektane elles ikkje er så store, verken fagleg eller administrativt.

Utgreiing i Volda
Den vidare framdrifta er spanande og den skjer no i den enkelte høgskule. I løpet av første halvår i 2003 skal den enkelte høgskule ta stilling til om dei vil vere med på vidare framdrift via eit hovudprosjekt eller ikkje.
For å skape eit felles utgangspunkt for denne debatten ved Høgskulen i Volda, skal saka drøftast ved HVO-forum 6. februar mellom 12.00 og 15.00 i BK, store auditorium. Der vil innstillinga blir presentert, med ein felles debatt om problemstillingane som rapporten tek opp.

Del på