HVO gjorde eit godt studentopptak hausten 2003

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Samordna opptak

I alt 87 776 personar har i år søkt opptak til høgare grunnutdanning gjennom Samordna opptak. Auken i søkjartalet skuldast ikkje at no er fleire 19-åringar. Dette talet ligg stabilt på rundt 54 000 fram til 2005, men vil auke med rundt 10 000 fram mot 2010. (Kjelde: SSB). Årsakene ligg heller i ein strammare arbeidsmarknad, og då veit vi at fleire søkjer høgre utdanning.

opptaket-03

 

 

Av tabellen over ser ein at talet på søkjarar til HVO gjennom Samordna opptak har gått noko ned frå 2001. Ser ein på utsende tilbod, ja-svar og talet på møtte, ser ein derimot ein fin framgang.

 

SO-opptaket vert gjennomført i tre fasar: hovudopptak med frist 15. april, varaopptak med frist 7. august og kontinuerleg opptak gjennom restetorget fram til semesterstart. I tillegg gjennomfører høgskulen sjølv opptak til etter- og vidareutdanning i det såkalla lokale opptaket.

gonnie_smit_loeseth

 

- Trenden er at søkjarane ventar lenger før dei tek ei avgjerd. I større grad enn før ”shoppar” dei studietilbod ved opptak til restetorget, seier studiesjef Gonnie Smit Løseth.

 

Samanliknar vi tala på ledige studieplassar i høve til søknadar med førsteprioritet, så var det gode søkjartal på desse utdanningane ved SO: matematikk (25 ledige studieplassar / 27 søknadar), førskulelærarutdanning, deltid (50/46), drama (28/23), barnevern (50/67), sosionom (50/80), animasjon (10/67), kunst og handverk (30/32), musikk, årsstudium (14/29) og journalistikk (57/268).

 

Lokalt opptak 2003

 

Ved det lokale opptaket var det utlyst 102 studietilbod ved lokale opptaket i 2003. Talet inkluderer også opptak til studium på deltid og på enkelte emne der dette er utlyst separat. Lokalopptaket femner også om studium i kategorien vidareutdannings- og påbyggingsstudium.

 

I det lokale opptaket hadde HVO til saman 2275 søkjarar til ulike vidareutdanningar (15 stp, 30 stp og 60 stp), påbyggingsstudium og mastergrader. I tillegg var det 98 søkjarar på emne.

 

Til saman vart det sendt ut 1674 tilbod om studieplass ved det lokale opptaket. Då svarfristane var ute, hadde 1324 svara ja til tilbodet. Ved studiestart var frammøtet på 1221.

 

Populære studium

Norsk og samfunnsfag for utanlandske studentar (NUS). Det er oppretta ei ekstra klasse i NUS som har undervisning i Ulsteinvik. Desse studentane er ikkje kvotestudentar.

Praktisk pedagogisk utdanning har også mange søkjarar. I år vart studiet utlyst på heiltid i Volda og ikkje på deltid. Høgskulen har også hatt mange søkjarar til mastergraden i spesialpedagogikk - om lag 55 søkjarar pr. emne. Masteremnet hadde 30 søkjarar til 15 studieplassar.

 

Internett

Dei internettbasert studia ved Høgskulen i Volda er også populære studium. Opptakskontoret registrerer at tidlegare nettstudentar og nye søkjarar meiner at Høgskulen i Volda har det beste tilbodet i landet når det gjeld Internett-studium.

 

Rekrutteringsarbeidet og rekrutteringsundersøkinga 2003

- Alle fasane i opptaket vert følgde opp med ulike rekrutteringskampanjar. Den mest omfattande kampanjen vert avslutta fram mot 15. april, men vi har ogsåstørre kampanjar i samband med varaopptaket og restetorget. Når det gjeld etter- og vidareutdanning, har vi informasjonskampanjar heile året, seier informasjonsansvarleg Per Arne Brandal.

 

Rekrutteringsundersøkinga frå hausten 2003 syner at færre søkjarar enn i fjor opplyser at dei fekk informasjon gjennom brosjyrar. Personleg kontakt (vener, foreldre, rådgjevarar osv.) er viktigare enn i fjor. Høgskulen skil seg litt ut frå dei andre høgskulane ved at det ikkje synes som om nettinformasjon spelar så stor rolle som for dei andre høgskulene. Annonser vert framheva spesielt.

 

Når det gjeld kva faktorar som er viktige for val av studiestad, så syner undersøkinga følgjande:Fagtilbodet er viktig, det sosiale og kulturelle tilbodet har blitt viktigare, men er ikkje så avgjerande som for ein del av dei 14 andre høgskulane som var med i undersøkinga.Høgskulen i Volda scorar høgt på ”kort veg heim” og ”lett å finne ein stad å bu”.

 

Vener og nære slektningar spelar ei større rolle enn før som påverknadsagentar. Studentane seier at særleg vener og andre studentar har vore viktige for det endelege valet. Betydninga av lærarar og rådgjevarar viser, i motsetning til dei andre høgskulane, ein liten vekst frå 2002 til 2003.

 

 

Del på