IFA - nytt frå fellesadministrasjonen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Nytt e-post system
Måndag 14. desember vert det innført eit nytt e-post system. Dette vil erstatte cc:Mail og Eudora som vi har i dag. Vi får altså no same program både for intern og ekstern e-post. Dette systemet er òg betre på e-post som vi i dag har problem med å få lest.

GroupWise
Det nye e-post programmet er ein del av eit større gruppevaresystem som heiter GroupWise. GroupeWise inneheld fleire funksjonar i tillegg til post. Alle vil no få elektronisk kalendar og system for planlegging. Vi vil òg kunne ta det i bruk til rombooking og som elektronisk avtalesystem. I tillegg er det ein del funksjonar som vi kan ta i bruk seinare.

Installasjon
Det er 230 PC'ar dette skal inn på. Vi vil prøve å få til ein sentralt styrt installasjon. De må vere førebudd at når de slår på PC'en ein eller annan dag i tida framover, vil PC'en starte installasjonen automatisk. De treng ikkje gjere noko. Etter installasjonen vil det kome nye ikon på skjermen. Dersom du prøver å starte opp, vil e-posten ikkje fungere før 14. desember.

Kurs
IT-kontoret vil organisere og lage til kurs for alle som ønskjer det. Først vert det eit intro-kurs i Store auditorium Berte Kanutte-huset. Deretter kan dei som vil, melde seg på eit 2-timars kurs. Dette vil vi prøve å gjennomføre før jul og eventuelt i romjula. Detaljar vil kome seinare.

Svein Arnesen




Meir om rombestilling på GroupWise
Frå nyttår tek ein sikte på å ta i bruk programmet GroupWise til rombestilling. Studieadministrasjonen og IT-avdelinga samarbeider no om å prøve ut rombestillingsfunksjonen av programmet. Om dette vert vellukka, håper ein at systemet kan brukast til rombestilling frå komande semester. Pr. idag er alle undervisningsrom definert inn i programmet. Det vert tatt sikte på orientering til kontorsjefane om rombestillingsfunksjonen i løpet av veke 48.

Stig Årdal



Internasjonalisering
Fristen for å søkje institusjonskontrakt med Sokrates/Erasmus gjekk ut 15.11.98. Ei slik godkjend institusjonskontrakt må no liggje i botnen for i det heile å kunne søkje om midlar innanfor EU-programma. Høgskulen har sendt søknad der det blir søkt om midlar til Preparatory Visits.
Ivar Aasen instituttet satsar på internasjonalt samarbeid og vil besøkje 7 institusjonar i samband med den faglege oppbygginga. Studentutveksling kan bli neste steg. Det blir også søkt om midlar til å følgje opp the European Credit Transfer System (ECTS). Skal vi få til eit fungerande student-utvekslingsprogram, må vi byggje opp eit internt krediteringssystem. Det blir spennande å sjå om søknaden blir godkjend ut på vårparten.

Sverre Måseidvåg



Møte mellom høgskulen og Riksrevisjonen 20.11.98
Riksrevisjonen har bede om eit møte med høgskulen der dei vil presentere Riksrevisjonen, samt gje ei orientering om revisjonsarbeidet. Underdirektør Knut Lien og førsterevisor Oddvar Hatletveit vil vere til stades frå Riksrevisjonen.
Leiv Myklebust



Ny kopieringsavtale frå 01.10.98
Vi minner om at den som tingar eit kopieringsarbeid, er sjølve ansvarlege for at dette ikkje er i strid med gjeldande kopieringsavtale (Kopinoravtalen). Kopieringsavtale ligg på området:
http://www.kopinor.no/norsk/avtaleomrader/UH/uhavt.html

Edel Vatne Roald



Nytt frå personalkontoret
Utlysing av stillling:
Professor II i kyrkjerett (st.nr. 33/98). Søknadsfrist 18.12.98.

Under tilsetjing/har fått tilbod om stilling:
Rekrutteringsstipend i medievitskap - Jon Peder Vestad
Høgskulelektor i informasjonsfag v/AMF - Anne Mangen

Oppdaterte lister for tilsette:
Under l:f-adminpersonal ilsette lsnov98 finn du oppdaterte lister på tilsette med ansiennitet/ lønnstrinn oppdatert pr. november -98.
Svanhild Sporstøl


Bestilling av undervisningsrom på dagtid
Vi minner om at oversikt over rombestillingane ligg i resepsjonen (Berte Kanutte-huset) og at ein først må undersøkje her om det finst ledige undervisningsrom. Ein må sjølvsagt syte for at rombestillinga vert registrert i den utlagde oversikta over rombestillingar. All bestilling av undervisningsrom i Kårstad-bygget vert handsama av ALU.

Stig Årdal


Parkering ved Berte Kanutte-huset
Plassen på baksida av Berte Kanutte skal ikkje brukast til vanleg parkering, verken av tilsette eller andre. Den vert brukt av lastebilar ved varelevering, og er trong nok som den er. Dei som av ein eller anna grunn meiner dei må kunne "køyre til døra" kan vende seg til drift, og få oblat til å legge i bilen.

Leif Roar Strand



Del på